Jeannie Robertson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jeannie Robertson
Fødd17. april 1908
FødestadAberdeen
Død13. mars 1975 (66 år)
DødsstadAberdeen
OpphavStorbritannia, Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
Instrumentvokal
Verka somsongar

Jeannie Robertson (17. april 190813. mars 1975) var ein skotsk folkesongar.[1]

Den best kjende songen hennar er «I'm a Man You Don't Meet Every Day», også kjend som «Jock Stewart». Denne er også blitt framført av Archie Fisher, The Dubliners, The McCalmans, The Tannahill Weavers og The Pogues. Variantar av songen er kjende frå USA på 1880-talet og Australia på 1850-talet.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Robertson var fødd i Aberdeen i Skottland, og i barndommen budde ho til tider i 90 Hilton Road, der det er sett opp ein plakett til minne om henne.[1] Som mange av dei skotske reisandefolka frå Aberdeen, Glasgow og Ayrshire, drog ho til Blairgowrie for å plukke bringebær ein gong i året. Folkloristen Hamish Henderson var fødd i Blairgowrie, og prøvde å samla dei beste songane der. I 1953 følgde han ryktet til Robertson til dørstokken hennar i Aberdeen. Ifølgje soga var Jeannie motvillig til å la han koma inn. Ho krevde at ho skulle seia fram byrjinga på Child-ballade nr. 163, «The Battle of Harlaw», og han gjorde det. I november same året hadde ho eit opphald i leilegheita til den amerikanske folkloristen Alan Lomax i London. Som førebuing til ein TV-opptreden var også Jean Ritchie, Margaret Barry og Isla Cameron til stades. Dei delte songar med kvarandre medan opptaksbandet rulla. Det er blitt sagt at ho stod bak det fyrste opptaket av «The Battle of Harlaw» men dette er ikkje heilt rett. Det fyrste opptaket blei gjort i 1936 av bothy ballad-songaren Willie Kemp (for Beltona-platen) og det kan vera av det var herfrå Robertson hadde lært songen. Ein annan song ho framførte var «Andrew Lammie» («Mill o' Tifty's Annie»), som varte i over 13 minutt. Etterpå fortalde ho Alan Lomax om delene av historia som ho ikkje hadde sunge. Mange av opptaka frå 1953 blei gjevne ut som The Queen Among the Heather i 1975. Dei kom ut igjen seinare saman med andre songar på ein CD med same namnet.

Framføringar[endre | endre wikiteksten]

Fjernsynsprogrammet ho var med på var The Song Hunter, produsert av David Attenborough, som seinare blei leiar for BBC Two.[2] I 1958 gjorde Hamish Henderson opptak med henne i Edinburgh. Dei blei utgjevne som Up the Dee og Doon the Don på Lismor-merket. The Traditional Music and Song Association grunnla Blairgowrie Festival i 1965, under fruktplukketida. Ved den fyrste festivalen var Robertson, i lag med Jimmy MacBeath og andre viktige kjeldesongarar, som hadde lært folkesongar utan innverknad frå radio eller bøker. framføringa hennar her blei utgjeven som ein del av ein antologi på Topic i 1968. I tillegg til klassiske balladar song ho våga songar som «Never Wed an Old Man». Robertson fekk ein MBE i 1968. Ho døydde den 13. mars 1975.[1]

Tilknytte folkemusikarar[endre | endre wikiteksten]

Dottera til Robertson, Lizzie Higgins, gav ut eit album i 1975: Up and Awa' wi' the Laverock. Stanley Robertson, ein forteljar, balladsanger og sekkepipespelar frå Aberdeen, var ein nevø av Jeannie. Carmen Higgins, ei tid fiolinist med folkemusikkgruppa Rock Salt and Nails frå Aberdeen, er òg i slekt med henne. Carmen Higgins har spelt med Old Blind Dogs, gjeve ut ein solo-CD, og har vore jamleg på TV, radio og i pressa. Joss Cameron, ein folkesongar frå Edinburgh, er ein annan slektning, og framførter framleis Jeannie Robertson-balladar. Vêrmeldaren og den tidlegare operasongaren Judith Ralston er også i slekt med Jeannie Robertson gjennom farmor si.

Maggie Stewart (1902-1983), ei tante av Robertson, blei spelt inn som songar av mange tradisjonelle balladar og fortel historier som er lagt ut på nettstaden Tobar an Dualchais.[3]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Lord Donald, Collector JFS 4001
  • World's Greatest Folk Singer, Prestige (1960) INT 13006
  • The Cuckoo's Nest and Other Scottish Folk Songs, Prestige INT 13075
  • Songs of a Scots Tinker Lady, (with Josh Morse) Riverside RLP12-633
  • Jeannie Robertson, Topic (1959) 10T52
  • --do.--(without guitar acc.), Topic 12T96
  • What a Voice, Folktracks TFSA 60-067
  • The Gypsy Lady, Folktracks TFSA 60-186
  • Silly John & the Factor, (folk tale & talk) Folktracks TFSA 60-187
  • Up the Dee and doon the Don, Lismor (1984)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Jeannie Robertson: A Tribute, in Burnett, Ray (ed.), Calgacus 2, Summer 1975, pp. 44 & 45, ISSN 0307-2029
  • Kodish, Debra. "Absent Gender, Silent Encounter", The Journal of American Folklore; 100 (1987), 573-578; JSTOR 540914; an article about the gender politics of Hamish Henderson's "discovery" of Jeannie Robertson
  • Pohle, Horst (1987) The Folk Record Source Book; 2nd ed. p. 398 (for discography)