Jeff Redfern

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Jeff Redfern (fødd 31. desember 1981) er ein fast figur i teikneserien Doonesbury. Han er son av journalisten Rick Redfern og advokaten Joanie Caucus, og med to utearbeidande foreldre vart han offer for tidsklemma. Jeff utvikla med tida ein del asosiale drag, vart oppteken av dataspel, ulike subkulturar, og var nær ved å droppe ut av skolen. Han kom inn på Walden-universitetet, mest på grunn av karakterinflasjon, og av di universitetet kasta plassar etter ungdom utan forsvarleg vitnemål.

På Walden møtte Jeff Zipper Harris, nevø av Zonker Harris, og desse utvikla seg i same leia. Under Irak-krigen fekk dei tak i verdifulle gjenstandar frå plyndringa av museet i Bagdad, som dei seinare selde på E-bay. Ikkje lenge etter tok Jeff arbeid i CIA, der han med tida vart blanda inn i konflikten i Afghanistan.

Red Rascal[endre | endre wikiteksten]

I det siste tiåret har Jeff utvikla ein skjult identitet, som opprørarhelten Zorkh Razil, eller "red rascal" (raude røvar). Den raude røvaren rid på ein kvit hest, og slåst for rettferd og fridom i dei afghanske fjella. Hesten lyd namnet Petraeus, oppkalla etter David Petraeus, øvstkommanderande for troppane i landet. Mykje av det Razil driv med, går føre seg inne i hovudet til Jeff, men det er ikkje støtt så visst kva som skjer utanfor det. Raude Røvar vaks fram via aktiv blogg-verksemd, og det ser ut til at Jeff har marknadsført namnet så godt at både vanlege folk i Afghanistan og dei amerikanske soldatane trur han er til. Denne halv-fiktive figuren vart så realistisk at Jeff ved eit høve vart send til Kabul for å tinge med president Hamid Kharzai, noko som kosta CIA femti millionar dollar. Seinare vart Jeff nytta i eit oppdrag sett i verk av Uncle Duke og nevøen Earl, for å redde diktatoren i Berzerkistan frå det folkelege opprøret der. Zipper Harris var med på turen, og planen var bombesikker, men ikkje idiotsikker. Zipper gløymde Jeff i det brennande presidentpalasset, og Jeff kom seg såvidt unna ved å stupe i elva. Han sumde over grensa til Afghanistan, der to geriljasoldatar tok han som gissel. Ved hjelp av dyktig pruting, vart han løyst ut av mora Joanie for femti dollar.

Jeff har omsider kome seg opp i systemet ved å selja boka om Zorkh Razil til eit forlag, og tener godt med pengar på dette. Boka er elles å finne i sal som "Red Rascal´s war", ei bok i Doonesbury-serien..