Jelena Beckmann-Sjtsjerbina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jelena Beckmann-Sjtsjerbina
Fødd31. desember 1881
FødestadMoskva
Død30. september 1951
DødsstadMoskva
FødenamnЕлена Александровна Бекман-Щербина
OpphavDet russiske imperiet, Sovjetunionen
Instrumentpiano
Verka sompianist
PrisarArbeidets røde fanes orden, Æreskunstner i Den russiske sovjetrepublikk

Jelena Aleksandrovna Beckmann-Sjtsjerbina (12. januar 188230. november 1951) var ein russisk pianist.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Beckmann-Sjtsjerbina blei fødd Kamensjev, men mora døydde få dagar etter at ho fødde Jelena, så barnet blei oppfostra av tanta og mannen hennar, Elisabeth og Eugen Sjtsjerbin. I takksemd for dette tok Jelena seinare familienamnet deira.

Seks år gammal fekk ho den første klaverundervisninga, først hos Valentina Sograf-Plaksina, seinare hos Nikolaj Zverev. Ho gjekk på konservatoriet i Moskva der ho var elev av Paul Pabst og etter at han døydde av Vasilij Safonov. Diplomarbeidet var å framføre heile Das Wohltemperierte Klavier av Johann Sebastian Bach og ho avslutta studiet med gullmedalje.

I februar 1903 gifta ho seg med amatørmusikaren og biologen Leonid Karlovitsj Beckmann.

Som konsertpianist fekk ho stor suksess med verk av Jean Sibelius. Ho var òg den første som framførte klaververk av Claude Debussy og Maurice Ravel i Russland (1909).

Repertoaret til Beckmann-Sjtsjerbina spende frå barokkmusikk til musikk av unge samtidskomponistar, og i første halvdel av tiåret 1910 samarbeidde ho tett med Aleksandr Skrjabin. I memoarane sine skreiv ho:

«Eg er svært takknemleg og lukkeleg over ha fått høve til å samarbeide med Aleksandr [Skrjabin], det førte til at eg blei i stand til å framføre musikken i tråd med intensjonane hans. Eg har elles aldri i mitt liv arbeidd med så stor entusiasme som under besøka hos Skjrabin»[1]

Frå 1912 til 1918 dreiv ho ein eigen klaverskole i Moskva. Frå 1921 til 1930 var ho dosent ved konservatoriet i Moskva då ho blei assisterande professor og i 1940 professor. Ho blei evakuert til Kazan i 1942–1943. Ein syklus populære barnesongar som ho og ektemannen skreiv i tiåret 1900 blei gjenutgitt i 1947 og 1949.

Komponisten Jelena Sokolovskaja er oldebarn av Beckmann-Sjtsjerbina.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Jelena Beckmann-Sjtsjerbina, Мои воспоминания. («Minne»), 1982. - s. 103.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • O. Serdobolskaja (red), Жизнь пианистки: К 125-летию со дня рождения Е. А. Бекман-Щербины («Eit pianistliv, til 125 årsdagen for J. Beckmann-Sjtsjerbina», Moskva, TC-Prima, 2006. 568 sider, ISBN 5-902 495-03-2

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]