Paul Pabst

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Paul Pabst
Paul-Pabst.jpg
Fødd 27. mai 1854
Königsberg
Død

9. juni 1897
Moskva

Yrke pianist, komponist, musikkpedagog, universitetslærar

Christian Georg Paul Pabst[a] (27. mai 18549. juni 1897) var ein russisk pianist, komponist og musikkpedagog av tysk avstamming.

Han var son av August Pabst, rektor på konservatoriet i Riga og bror av Louis Pabst som grunnla musikkakademiet i Melbourne. Papst lærte å spele klaver under oppsikt av faren, seinare gjekk han på musikkakademiet i Wien hos Anton Door.

Pabst starta å undervise i Riga i 1875 og kom til Russland i 1878. I 1881 blei han professor ved konservatoriet i Moskva.

Pabst skreiv fleire klaverstykke, ein klavertrio, ein klaverkonsert dedisert Anton Rubinstein og fantasiar over operaer av venen sin Pjotr Tsjajkovskij. Det er òg mogeleg at Pabst redigerte klaverpartiet til Tsjajkovskijs første klaverkonsert. Tsjajkovskij dediserte konsertpolonesen frå op. 72 (1893) til Pabst. Det gjorde òg Sergej Rakhmaninov med dei sju klaververka op. 10 (1894).

Som konsertpianist spelte Pabst særleg verk av Robert Schumann og Franz Liszt.

Til Pabst sine elevar finn ein mellom andre Konstantin Igumnov, Aleksandr Goldenweiser, Aleksandr Goedicke, Jelena Beckmann-Sjtsjerbina, Nikolaj Medtner, Georgij Konjus og Arsenij Koresjtsjenko.

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. Russisk skrift Па́вел А́вгустович Пабст, Pavel Augustovitsj Pabst

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]