Jens-Peter Herold

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jens-Peter Herold

Bundesarchiv Bild 183-1987-0824-311, Jens-Peter Herold, Hauke Fuhlbrügge, Andreas Kaliebe.jpg

Statsborgarskap Tyskland, Den tyske demokratiske republikken
Fødd 2. juni 1965
Neuruppin
Idrett 800 meter, friidrett
Yrke friidrettsutøvar

Jens-Peter Herold (fødd 2. juni 1965) er ein tysk tidlegare mellomdistanseløpar frå Neuruppin i Tyskland. Han vart europameister på 1500 m i 1990 som representant for Aust-Tyskland, sidan 1991 representerte han det samla Tyskland.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Herold vart sjettemann på 1500 meter i verdsmeisterskapen 1987 i Roma. Året etter sprang han inn til bronsemedalje på same distansen då dei olympiske sommarleikane 1988 fann stad i Seoul, einast Peter Rono frå Kenya og britiske Peter Elliott matcha Herolds sterke oppløp, medan favoritten Steve Cram vart nummer fire.

Vinteren 1990 vann Herold 1500-meteren i hall-EM i Glasgow. Ein langt større prestasjon var det at han vann gullmedaljen ved europameisterskapen i Split eit halvt år seinare. I Split spurta han forbi fire andre løparar og vann ein rimeleg klar siger. Året etter enda han opp med ein fjerdeplass på spesialdistansen, passert av landsmannen Hauke Fuhlbrügge på målstreken.

Fire veker etter å ha vorte nummer seks på 1500 m i Barcelona-OL 1992, sette Herold personleg rekord på distansen ved eit internasjonalt stemne i Rieti i Italia. Han vart då klokka inn på 3.32,77, likevel klart slått av Noureddine Morceli som med 3.28,8 sette ny verdsrekord.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]