Steve Cram
Steve Cram | |
![]() | |
Fødd | 14. oktober 1960 Gateshead |
Yrke | mellomdistanseløper, friidrettsutøvar, maratonløpar |
Steve Cram på Commons |
Steve Cram, eigentleg Stephen Cram, (fødd 14. oktober 1960) er ein britisk tidlegare friidrettsutøvar frå Jarrow som i 1980-åra var ein av verdas beste på mellomdistansane. Han vann EM-gull på 1500 meter både i 1982 og 1986, dei same to åra vann han distansen også i samveldeleikane, 1986 vart han dessutan samveldemeister på 800 m. I 1983 vann Cram VM-gull på 1500 meter.
Aktiv[endre | endre wikiteksten]
19 år gammal deltok Cram på 1500 meter i OL i Moskva i 1980, utan å hevde seg. Landsmannen Sebastian Coe vann OL-gullet på distansen. Det store gjennombrotet kom i 1982, då Cram i september månad vann 1500 meter under EM i Aten, og i byrjinga av oktober i Brisbane triumferte på same distanse under samveldeleikane. Året etter vart han også verdsmeister på distansen i den fyrste verdsmeisterskapen i friidrett i Helsingfors. Under sommarleikane 1984 i Los Angeles tok han sølvmedaljen på 1500 meter.
Cram presterte sitt aller beste i 1985-sesongen. I Nice den 16. juli 1985 forbetra han den to år gamle verdsrekorden til landsmannen Steve Ovett på 1500 meter med meir enn eitt sekund, til 3.29,67. Elleve dagar seinare, den 27. juli 1985, sette han under Bislett Games i Oslo ny verdsrekord på ei engelsk mil (1609,3 m) med tida 3.46,32.
Sommaren 1986 sigra Cram både på 800 m og 1500 meter under samveldeleikane i Edinburgh. Med 1.42,88 hadde han den sesongen verdas beste tid på 800 m, men måtte sjå seg slått av landsmennene Sebastian Coe og Tom McKean på 800 meter under EM i friidrett 1986 i Stuttgart. Derimot vart han europameister på 1500 m.
I 1988 vart Cram nummer fire på 1500 m under sommar-OL i Seoul.
Hans personlege rekordar på dei ordinære distansane er 1.42,88 på 800 m, 3.29,6 på 1500 m og 13.28,5 på 5000 meter.
Yrke[endre | endre wikiteksten]
Sidan 2008 har Cram vore direktør for University of Sunderland.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Steve Cram» frå Wikipedia på engelsk, den 10. oktober 2014.
- Einskildmenn
- Fødde i 1960
- Britiske mellomdistanseløparar
- Verdsmeistrar i friidrett
- Europameistrar i friidrett
- Olympiske sølvmedaljevinnarar for Storbritannia
- Britiske deltakarar under sommar-OL 1980
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1980
- Medaljevinnarar under sommar-OL 1984
- Britiske deltakarar under sommar-OL 1984
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1984
- Britiske deltakarar under sommar-OL 1988
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1988
- Order of the British Empire
- Vinnarar av Bislett-medaljen