Jens H. Kvåle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jens H. Kvåle
Fødd10. oktober 1863
Død26. april 1949
NasjonalitetNoreg

Jens Hermundsson Kvåle (10. oktober 186326. april 1949) var ein norsk lærar, bladmann, gardbrukar og politikar frå Sogndal. Han representerte Sogn og Fjordane og partiet VenstreStortinget 1931-33. Han var far til Hermund Kvåle.

Kvåle var son til ein gardbrukar. Sjølv reiste han til Stord og tok lærarskuleeksamen i 1886. Frå 1907 var han lærar i heimbygda Sogndal til 1912, fyrst fem år i folkeskulen og sidan 20 år ved Sogndal folkehøgskule. I 1896 byrja han gje ut bladet Vestmannen, som få år seinare bytta namn til Sygna. I 1904 kjøpte han avisa Sogns Tidend i Lærdal og slo ho saman med Sygna, avisa kom sidan ut i Sogndal. Avistiltaka vart redigert på nynorsk og sokna til Venstre-rørsla. Frå 1905 dreiv han også gard på Kvåle.

Kvåle var bladstyrar i 44 år til 1940. Han deltok aktivt i styringa av kommunen, både som medlem i 20 år i heradsstyret, 30 år i skulestyret og lang tid i forliksrådet. Ei tid var han styremedlem i Sogn Ungdomslag og i Sogn og Fjordane venstrelag. Stortingsperioden 1931-33 representerte han Sogn og Fjordane på Stortinget som ein av to Venstre-menn, Jakob A. Lothe hadde fyrsteplassen på Sogn og Fjordane-benken.

Redaktørkollegaen Jens Nedrehagen omtalte i 1938 Jens Kvåle som «original, i si rette meining av ordet. Han er seg sjølv i alt, han har sin eigen måte. Det hadde han som lærar, det har han havt som bladstyrar og bonde. Ei sterkt personleg form i alt han tok seg til».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]