Jens Otterbech

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jens Otterbech
Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. januar 1801
Tønsberg
Død

28. juli 1863 (62 år)
Andebu kommune

Yrke prest, politikar
Språk norsk

Jens Hovland Otterbech (12. januar 180128. juli 1863) var ein norsk prest, ordførar og stortingsmann frå Tønsberg.

Otterbech var son til ein skipper. Han vart student i 1819 og cand. theol. i 1824. Frå 1824 til 1829 var han sokneprest i Hvaler, sidan sokneprest i Andebu til han døydde. Han var ordførar i Andebu frå 1837 til 1862, medlem av forlikskommisjonen i mange år. Elles var han ofte i fyrste rekke i mange andre saker som gjaldt Andebu og utviklinga av bygda og distriktet.

Otterbech representerte Jarlsbergs og Larviks amtStortinget i 1842, 1848 og 1862-63. Han var medlem av desisjonskomiteen 1842 og -48. Til Stortinget 1862-63 var han 1. varamann, men møtte frå 10. november 1862 i staden for Jakob Olsen Skjerven. Under stortingsopphaldet i Christiania fall han om på gata, reiste då heim til prestegarden i Andebu. Der døydde han kort etter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]