Andebu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Andebu kommune på kart over Vestfold
Kommunevåpenet til Andebu

Andebu kommune er ein tidlegare kommune i Vestfold fylke. Han vart skipa i 1838 i samband med innføringa av formannskapslovene frå 1837 og blei slått saman med Stokke og Sandefjord kommune 1. januar 2017.[1][2] Namnet blir uttala annebu, preposisjonen er «i» (i annebu) og ein person frå Andebu (særs frå hovudsoknet) blir kalla «andebusokning».

Han lå heilt i midten av Vestfold, kommunane rundt var Stokke i aust, Sandefjord i sør, Larvik i vest, Lardal i nordvest og Re i nord. Næraste tettstader er Tønsberg og Sandefjord.

Kommunen var prega av låge, bratte åsar og mykje skog. Kommunen var delt i tre sokn, Høyjord i nord, Andebu i midten og Kodal i sør. Det er tre kyrkjer i kommunen: Andebu kyrkje, Høyjord kyrkje og Kodal kyrkje. Alle er frå mellomalderen, Høyjord kyrkje er ei stavkyrkje. Noregs eldste kyrkjebok (frå 1623) er frå Andebu.

Nasjonaliseringa av private teleselskap blei avslutta i 1974 da Televerket overtok det siste norske privateigde telefonselskapet. Dette låg i Andebu.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Andebu hadde nær 100 % barnehagedekking. I 2005 er to barnehagar akkurat ferdigbygd. Andebu har nå litt overkapasitet i barnehagane, og har tatt inn ungar frå nabokommunane.

Andebu kommune hadde tre barneskolar, ein i kvart sokn: Andebu skole, Høyjord skole og Kodal skole. Dei tre siste åra i grunnskolen er alle på Andebu ungdomsskole. Andebu undomsskole blei ombygd i 2004–2005 for å møte høgare elevtal og moderne undervisingsmetodar. Det er ingen vidaregåande skolar i Andebu, elevane fordelar seg i staden hovudsakleg på dei vidaregåande skolane i Sandefjord, Tønsberg og Re.

Grendeskolen Torp skole blei i 2003 lagt ned på grunn av dårleg kommuneøkonomi, til stort vonbrot for lokalbefolkinga. Grendeskolen Gulli skole blei lagt ned i 1958, men er no skolemuseum, ein av dei best bevarte grendeskolane i Vestfold.[3]

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Gammal granaskog i vestre Andebu.
Foto: K.A. Gallis

Vestfoldbunaden (både herre- og damevarianten) består hovudsakleg av draktelement funne i Andebu. Det er au fleire døme på rosemaling her, av den spesielle andeburosa. Av dei ca. femten forskjellige variantane av vestfoldteppet er over ti frå Andebu. Spesielt kjent er Døvleteppet.

Lagsarbeid står sterkt i kommunen, det finst over seksti organisasjonar frå idrettslag og ungdomslag til konjakkforeining og «vedaomn på soverommet»-foreining.

Tidlegare var det ein sterk munnleg tradisjon med fortellingar (mange segner og nokre få eventyr). Denne er no i hovudsak utdøydd, men ein del historier blei nedskrivne i byrjinga av 1900-talet. Nokre av desse er med i Andebu bygdebok. Populære emne i forteljingane frå Andebu var ułæ (huldra) og trøll (troll), noko som er reflektert i stadnamn som Uleåsen, Ulevannet, Ulspipa, Trolldalen, Trollsås og Trollsvann.

Sjå au[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Andebu bygdebok, red. av dr. philos. Arne Gallis
  • Andebu: en vestfoldbygds historie i 1600-aarene, «Lat os inkje forfederne gløyma», av Lorents Berg ISBN 82-993731-0-7
  • Vestfoldmål: Ord og vendinger fra Andebu, av Ole Bråvoll (red. av Odd Gallis)
  • Andebu kommunes historie: 1837–1991, av R. Berg & N. Grytnes

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Andebu bygdebok». Lorens Berg-stiftelsen. Andebu kommune. Henta 4. januar 2017. 
  2. «Første sammenslåing i kommunereformen». Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Regjeringa.no. 24. april 2015. Henta 3. januar 2017. 
  3. http://bkmediaa.no.ezpublish10.ezdeal.no/site/Andebu/Gulli-skolemuseum

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]