Jentegruppe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Ei jentegruppe (engelsk girl group) er ei musikalsk gruppe som består av fleire kvinnelege songarar som generelt syng i lag i harmoni. Omgrepet «jentegruppe» vert i snevrare forstand nytta om ei bølgje av amerikanske kvinnelege popgrupper, mange påverka av doo-wop, som oppstod seint i 1950- og tidleg i 1960-åra då den første rock and roll-bølgja var på hell og før den britiske bølgja byrja.[1][2]

Band der alle medlemmane er kvinner og spelar alle instrumenta sjølv vert vanlegvis rekna som noko anna, og vert stundom omtalt som «jenteband».[3]

Etter kvart som musikk- og radioindustrien oppstod, oppstod ei rekkje jentegrupper, som Andrews Sisters. Seint i 1950-åra dukka ei rekkje kvinnelege vokalgrupper opp og i alt var det 750 jentegrupper som gav ut songar som nådde salslistene i USA og Storbritannia mellom 1960 og 1966.[4] The Supremes aleine fekk 12 singlar på toppen av Billboard Hot 100 på sitt mest populære og gjennom heile den britiske bølgja var dei nesten like populære som The Beatles.[5] I seinare tider har jentegruppe-malen blitt nytta innan disco, moderne R&B og country, i tillegg til innan pop. Ein meir globalisert musikkindustri førte til at danseprega popmusikk vart ekstremt populært.[6] Denne bølgja, leia av USA, Storbritannia, Sør-Korea og Japan, har skapt særs populære grupper og åtte grupper som debuterte etter 1990 har seld meir enn 15 millionar fysiske album kvar. Sidan seint i 2000-åra har òg Sør-Korea blitt særs populære og åtte av dei ti mest nedlasta jentegruppene verda over kjem derfrå.

Bestseljande jentegrupper[endre | endre wikiteksten]

Artist Nasjonalitet Tal på medlemmar Aktiv periode Sjanger Studioalbum Påstått sal
Spice Girls Storbritannia 5 → 4 → 5 1994–2000, 2007–2008 (8 år) Pop 3 85 millionar[7][8]
The Andrews Sisters USA 3 1925–1952, 1954–1967 (38 år) 12 75 millionar[9]
TLC USA 3 → 2 Sidan 1991 5 70 millionar[10]
Destiny's Child USA 4 → 3 1997–2006 (9 år) R&B 5 60 millionar[11]
Pussycat Dolls USA 6 → 5 2003–2010 (7 år)
  • Pop
  • R&B
2 54 millionar[12]
AKB48 Japan Rotasjonsbasert Sidan 2005 J-pop 8 51 millionar[13]
Bananarama Storbritannia 3 → 2 → 3 Sidan 1979 Pop 10 40 millionar[14][15]
The Pointer Sisters USA 2 → 3 → 4 → 3 → 4 Sidan 1969
16 40 millionar[16]
Little Mix Storbritannia 4 Sidan 2011
  • Pop
  • R&B
4 39 millionar[17]
t.A.T.u. Russland 2 2000–2014 (14 år) Pop 3 25 millionar[18]
The Supremes USA 3 1959–1977 (18 år) Pop 29 20+ millionar[19][20]

Merknad:

  • Det nøyaktige salstalet til The Supremes er ukjend. Estimata varierer frå 20 millionar til opp mot 100 millionar plater.[21]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Rutledge, Meredith E. (2013-04-15). «The Fabulous Girl Groups | The Rock and Roll Hall of Fame and Museum». Rockhall.com. http://rockhall.com/blog/post/6655_the-fabulous-girl-groups-women-who-rock/. Henta 21. februar 2018. 
  2. «Girl Groups - A Short History». History-of-rock.com. http://www.history-of-rock.com/g_g-history.htm. Henta 21. februar 2018. 
  3. Claudia Mitchell, Jacqueline Reid-Walsh (1 January 2008). Girl Culture: An Encyclopedia. Greenwood Press. ISBN 9780313339080. Henta 21. februar 2018. 
  4. «Girl Groups». Girl Groups. http://www.girl-groups.com/groups.htm. Henta 21. februar 2018. 
  5. Whitburn, Joel (2003). Top Pop Singles 1955-2002. Menomonee Falls, Wisconsin: Record Research, Inc. s. 950, 959, 964, 967, 969, 970, 983, 984, 988–990. ISBN 0-89820-155-1. 
  6. Global Transformations: Politics, Economics and Culture - Google Books. Henta 21. februar 2018 – via Google Books. 
  7. «Spice Girl Emma Bunton hints at possible reunion». Sky News. April 16, 2017. http://news.sky.com/story/spice-girl-emma-bunton-hints-at-possible-reunion-10839522. Henta September 24, 2017. 
  8. «My Life as a Spice Girl: Geri "Ginger Spice" Halliwell (Now Horner) Looks Back at the Beginnings of a Pop Culture Phenomenon». Marie Claire. July 12, 2016. Henta February 17, 2017. 
  9. Lachno, James (January 31, 2013), «Patty Andrews, last surviving member of singing trio the Andrews Sisters, dies aged 94», Daily Telegraph, http://www.telegraph.co.uk/culture/music/music-news/9838569/Patty-Andrews-last-surviving-member-of-singing-trio-the-Andrews-Sisters-dies-aged-94.html, henta June 28, 2017 
  10. «Ex-TLC Manager Proceeds With $40 Million Biopic Lawsuit». Voice Online. September 10, 2016. http://www.voice-online.co.uk/article/ex-tlc-manager-proceeds-40-million-biopic-lawsuit. Henta February 8, 2017. 
  11. Waxman, Olivia B. (January 11, 2013). «Beyoncé and Destiny's Child to Release Original Track for First Time in Eight Years». Time. Henta June 18, 2013. 
  12. Morey, Tejas. «Most Popular Girl Bands Of All Time». http://www.mensxp.com/special-features/today/8190-most-popular-girl-bands-of-all-time.html. Henta August 28, 2014. 
  13. «AKB48、音楽CD総売上5100万枚超え 女性歌手1位/歴代3位に浮上» (på Japanese). Oricon. 5 September 2017. http://www.oricon.co.jp/news/2096754/full/. Henta 6 September 2017. 
  14. «Return of the top Bananas», Daily Mail, August 2, 2007, Arkivert frå den opphavlege versjonen den July 9, 2013, https://www.webcitation.org/6HzezwxEI?url=http://www.dailymail.co.uk/tvshowbiz/article-471508/Return-Bananas.html, henta October 8, 2011 
  15. Savage, Mark (April 29, 2017). «'Did you enjoy being pregnant?' - Bananarama revisit old Smash Hits questions». BBC. https://www.bbc.com/news/entertainment-arts-39703973. Henta September 24, 2017. 
  16. Mansfield, Ken; Terrill, Marshall (2015). Rock and a Heart Place: A Rock 'n' Roller-coaster Ride from Rebellion to Sweet Salvation. ISBN 978-1-4245-4999-3. 
  17. [1]
  18. inreview.com, an archive reported from the original from The Sun. «Tatu Are Back - As Man-Eaters». InReview.com. http://www.inreview.com/archive/topic/25871.html. Henta 26 January 2013. 
  19. Robinson, Louie (February 1970). «Why Diana Ross Left the Supremes». Ebony. 
  20. Easlea, Daryl (2008). The Story of the Supremes. V&A Publishing. s. 7. ISBN 978-1-85177-552-1. 
  21. «The Supremes celebrate 50th anniversary». Euronews. June 17, 2014. http://www.euronews.com/2014/06/17/the-supremes-celebrate-50th-anniversary. Henta September 24, 2017. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Mal:Pop