Tucson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Tucson

Tucson med Catalina fjella i bakgrunnen
Tucson med Catalina fjella i bakgrunnen
Kallenamn
«The Old Pueblo, Optics Valley, The 520, City of The White Dove, City in Kilometers»
Plassering
Tucson is located in Arizona
Plasseringa i Pima County og staten Arizona
Styresmakter
Land Flag of the United States.svg USA
Delstat Arizona
Fylke Pima
Borgarmeister Jonathan Rothschild
Geografi
Flatevidd
 - By
   - Land
   - Vatn

505,3 km²
  504.2 km²
  1.1 km²
Innbyggjarar[1][2]
 - By (2008)
   - folketettleik
 - Byområde
 - Storbyområde

541 811
  1 072,3 /km²
720 425
1 023 320
Koordinatar 32°13′18″N 110°55′35″WKoordinatar: 32°13′18″N 110°55′35″W
Høgd over havet 728 m
Tidssone MST (UTC-7)
Diverse annan informasjon
Telefon-retningsnummer 520
Heimeside: www.tucsonaz.gov

Tucson (uttale /ˈtusɑn/) er den nest største byen i delstaten Arizona i USA. Han er òg sete for Pima-fylket («county»). Folketeljinga i 2004 sette folkesetnaden innanfor bygrensene til 521 605, og til 931 210 for Tucson og omland.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

CatalinasAndTucsonAZ.jpg

Byen har eit areal på 505,3 km², og ligg 728 meter over havet. Han er omgjeve av fem fjellkjeder – Santa Catalina-fjella og Tortolita-fjella i nord, Santa Rita-fjella i sør, Rincon-fjella i aust og Tucson-fjella i vest. Byen ligg langs Santa Cruz-elva, eit elveleie som er tørt mesteparten av året, men som det tidvis strøymer vatn gjennom i kortare periodar under monsunen.

Tucson ligg langs motorvegen I-10 som går til Phoenix og Los Angeles i nordvest, og til El Paso og Jacksonville i aust. Motorvegen I-19 startar i Tucson og går ned til Nogales ved grensa til Mexico.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Stone Avenue i Tucson, 1880.

Tucson vart truleg først vitja av paleo-indianarane, som kom dit for rundt 12 000 år sidan. Nyare arkeologiske utgravingar ved Santa Cruz-elva har funne ein landsby som er 4 000 år gammal. Frå rundt 1200 f.kr til 50 e.kr dreiv dei lokale innbyggjarane med jordbruk. Dei hadde omfattande vatningsanlegg, og planta mais, bønner og andre vekstar. I tillegg sanka dei lokale vekstar og drev med jakt. Hohokam-indianarane budde i området rundt 600–1450 e.kr

Jesuittmisjonæren Eusebio Francisco Kino kom til dalen i 1692 og stifta misjonsstasjonen San Xavier del Bac i 1700. Den spanske krona etablerte eit fort i området i 1775, og byen vart kalla «Tucson». Tucson vart ein del av Mexico etter at Mexico vann sjølvstende frå Spania i 1821. Etter Gadsden-kjøpet i 1853 vart Tucson ein del av USA. Frå august 1861 til midten av 1862 var Tucson hovudstaden for The Confederate Territory of Arizona. Fram til 1863 var Tucson og resten av Arizona ein del av New Mexico Territory. Frå 1867 til 1889 var Tucson igjen hovudstad, og då for Arizona Territory.

University of Arizona som ligg i Tucson vart stifta i 1885.

I 1900 budde det 7 531 menneske i Tucson. Folkesetnaden auka gradvis til 13 913 i 1910, 20 292 i 1920, og 36 818 i 1940.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Tucson har i hovudsak to årstider, sommar og vinter. Sommaren i Tucson varar typisk frå mai til oktober. Tucson har òg monsun som vanlegvis startar i byrjinga av juli og varar i omtrent åtte veker.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Tucson