Jiddat al-Harasis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jiddat al-Harasis
ørken
Land  Oman
Høgd 150 moh.
Koordinatar 19°47′N 55°51′E / 19.783°N 55.850°E / 19.783; 55.850
Areal 27 000 km²
Kart
Jiddat al-Harasis
19°47′00″N 55°51′00″E / 19.78333333°N 55.85°E / 19.78333333; 55.85

Jiddat al-Harasis eller Jiddat-il-Harasiis er ein steinørken sør i det sentrale Oman, mellom det nordlege Oman frå Dhufar.[1] Her finn ein det største feltet med meteorittar i landet.[2] Ein finn over 160 fugleartar her, som den utryddingstruga kragetrappen, i tillegg til arabisk oryx og arabisk gaselle.[1] Området var ikkje busett før på 1800-talet då harasiar kom hit.[3]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Jiddat al-Harasis dekkjer eit område på kring 27 000 km² i ei høgd på 100 til 150 moh.[1][4] Området grensa til ein 100 meter høg skrent i aust, med Huquf-søkket like inntil. Området ligg mellom Arabiahavet og Janabahårans, med høgder på kring 300 moh. Arabiahavet dannar den austlege og sørlege grensa til Jiddat. Geologien er hovudsakleg miocen karst-kalkstein. Eldre geologiske trekk er 300 millionar år gamle skuringsstriper som er godt bevarte.[1]

Klima[endre | endre wikiteksten]

Jiddat al-Harasis er både påverka av den sørvestlege monsunen og kysttåke. Årsmiddelnedbøren i søraust er kring 50 mm.[5] Det vesle regnet som kjem, kjem under monsuntida frå juni til oktober. På grunn av mykje tåke er luftfukta ofte høg i området.[1] Ørkenklimaet har sommartemperaturar over 30 °C og i juli normal kring 34 °C på det varmaste. Om vinteren kan temperaturane falle til 15 °C. Fukt frå tåka og dogg skapar regn om kvelden, særleg frå oktober til april. Denne nedbøren held liv i vegetasjon og dyreliv i området, trass i at det ikkje kjem dei store mengdene.[1]

Meteorittar[endre | endre wikiteksten]

Ein tynn seksjon av ein meteoritt frå Jiddat al Harasis.

Oman er ein av dei særs få stadane på jorda der ein har funne fleire månemeteorittar.[6] Det største feltet med meteorittar i landet ligg i Jiddat al-Harasis.[2] I følgje Meteoritical Bulletin of the International Society for Meteorites and Planetary Science er det registrert 3 116 meteorittar frå Oman, og av desse vart 1 385 funne i Jiddat al-Harasis-området. 41 meteorittar er klassifiserte som månemeteorittar. «Jiddat al Harasis 348» er ein meteoritt ein fanna i 2006 ved Al Wusta i Jiddat. Denne vog 18,4 g, og er ein feltspatisk breksje frå månen.[7]

Planteliv[endre | endre wikiteksten]

Jiddat al-Harasis har ein delvis savannevegetasjon med akasietre i ørkenstrøka og enkelte urter og kratt utafor ørkenen.[8] Vegetasjonen er spreitt og avgrensa til område der sand har samla seg og i sprekkar i berget. Vanlege tre er Acacia tortilis og Acacia ehrenbergiana. Trea er viktige skuggeplantar for arabisk oryx.[9] Lågt kratt og eittårig gras er spreidd fordelt. Av buskar finn ein Tephrosia apollinea, Crotalaria aegyptiaca og Ochradenus harsusiticus som er endemisk. Mange artar av gras, inkludert Lycium shawii, og Zygophyllum og Stipagrostis-artar veks her. Lav (Ramalina duriaei) veks på daude tregreiner.[1] Ørkenen glir over i arabiske sanddyner langs kysten.[1]

Dyreliv[endre | endre wikiteksten]

Den grå ørkenvaranen finst i Jiddat al-Harasis.

Den arabisk oryxen, Oryx leucoryx, er eit stadeige planteetande pattedyr som levde i Jiddat al-Harasis fram til 1972, då dei vert rekna som utdøydde i villmarka. I 1981 sende San Diego Wild Animal Park (no San Diego Zoo Safari Park) fem oryxar til ein avlsstasjon for pattedyr i Oman (kjend som Yalooni), der dei vart sleppte fri i villmarka.[10][11] Fem år seinare føreslo International Union for Conservation of Nature (IUCN) eit nasjonalt naturrservat i eit område som måler 27 500 km². Bestanden av oryxar nådde 450 i 1996, men talet har sidan falle på grunn av snikskyttarar og øydelegging av habitata deira, og i 2007 var det berre 65 dyr att, og berre fire av dei formeirte seg.[12]

Andre artar ein finn i ørkenområdet er karakal, villkatt og honninggrevling; hare og pinnsving er vanlig, medan arabisk ulv er sjeldan å sjå.[1] Arabisk raudrev (Vulpes vulpes arabica), rüppell-sandrev (Vulpes rueppellii) og nubisk steinbukk er òg rapportert. Av reptil finn ein grå ørkenvaran, Uromastyx-artiar, hornhoggorm, efanar, falsk kobra, sandslange, boiga, skinkar, agamar og gekkoar. Det finst òg gnagarar her.[1]

Det er blitt rapportert 168 fugleartar i området (22 hekkande, 15 trekkfuglar og 104 artar trekkfuglar som stoppar her om våren og hausten), inkludert den utryddingstuga kragetrappen som ein finn i regionar med salt- og brakkvatn. Om vinteren kan ein sjå fastbuande og trekkfuglar som vadefulg, måse (Larus sp.), terner, flamingoar (Phoenicopterus spp.), hegre og mange artar ender i lagunane ved Jiddat al-Harasis .[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,00 1,01 1,02 1,03 1,04 1,05 1,06 1,07 1,08 1,09 1,10 «World Heritage Nomination» (pdf). UNESCO. Henta 21. september 2013. 
  2. 2,0 2,1 McCall, Bowden & Howarth 2006, s. 332.
  3. Maisel & Shoup 2009, s. 193.
  4. Edgell 2006, s. 310.
  5. Edgell 2006, s. 51, 75.
  6. «Lunar Meteorites - Washington University in St. Louis». Washington University in St. Louis. Henta 31. oktober 2013. [daud lenkje]
  7. «The Meteorological Society». International Society for Meteorites and Planetary Science. Henta 21. september 2013. 
  8. Edgell 2006, s. 73.
  9. Gallacher, David; Jeffrey Hill (Autumn–Winter 2005). «Status of Prosopis cineraria (ghaf) tree clusters in the Dubai Desert Conservation Reserve». Tribulus 15 (2): 3–9. 
  10. Long 2003, s. 479-481.
  11. Vernon N. Kisling jr., Ed. (2001). Zoo and Aquarium History: Ancient Animal Collections to Zoological Gardens. CRC Press. s. 222–3. ISBN 0-8493-2100x. 
  12. Delisting of arabisk oryx Sanctuary, World Heritage List, UNESCO, 2007