Jim Bengston

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jim Bengston
Fødd 31. mars 1942
Evanston
Yrke fotograf

Jim Bengston (fødd 1942 i Evanston, Illinois, USA) er ein amerikansk fotograf og biletkunstnar, busett i Noreg.

Bengston voks opp i Chicago-området i USA. Han studerte litteratur ved Lake Forest College (1964), og var innom Princeton University. Deretter tenestegjorde han som fotoassistent i den amerikanske hæren, stasjonert i Bayern i 1967-68, før han byrja å arbeide som biletredaktør i Associated Press i New York.

I 1970 flytta han med familien til Noreg, og arbeidde som tekstforfattar, omsetjar og fotograf i Young & Rubicam før han byrja som frilansfotograf i 1975.[1]

Han har hatt ei rekkje separatutstillingar både innanlands og utanlands, og delteke i fleire kollektivutstillingar, inkludert Haustutstillinga og Fotografisk vårutstilling. Bengstons bilete er innkjøpt av ei fleire samlingar; Museum of Modern Art, New York, National Museum of American Art (Smithsonian), Washington DC, Henie Onstad Kunstsenter, Museet for samtidskunst og Norsk Kulturråd.

Bengston har vunne førstepremie i Nikons Internasjonale fotokonkurranse, og vunne reklamebransjens pris Gullblyanten her i Noreg for oppdraget på Lillehammer under Vinter-OL 1994, der han fotograferte OL-plakatane. Han er òg tildelt treårig arbeidsstipend for kunstnarar. Bengston er knytt til biletbyrået Samfoto

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Separatutstillingar[endre | endre wikiteksten]

  • 1979: Fotogalleriet, Oslo
  • 1980: Camera Obscura, Stockholm
  • 1981: Henie Onstad Kunstsenter, Høvikodden
  • 1982: Trondheims Kunstforening, Trondheim
  • 1982: Galleri Anders Tornberg, Lund, Sverige
  • 1982: Gallerie Renn, München, Tyskland
  • 1983: Galerie Lindemann, Stuttgart, Tyskland
  • 1984: Galeria Image, Madrid, Spania
  • 1984: Amsterdam, Paris, Bourges, Gent, Köln, Oslo. Turne med prosjektet «Alcatraz».
  • 1985: Chicago, Colorado Springs, Minneapolis, New York. USA-turne med prosjektet «Alcatraz».
  • 1986: Los Angeles
  • 1987: Galleri Melhuus, Oslo
  • 1990: Preus Fotomuseum, Horten
  • 1991: Henie Onstad Kunstsenter, Høvikodden
  • 1992: Kunstsentret i Oppland, Lillehammer,
  • 1993: Galleri AHO, Oslo
  • 1993: Jernigan/Wicker Fine Art si, San Francico
  • 1994: Galleri Wang, Oslo
  • 1996: Lillehammer Kunstmuseum, Lillehammer

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Morten Krogvold: 103 øyeblikk norske portrettfotografi utvalgt og presentert av Morten Krogvold, Dinamo Forlag (2002) ISBN 82-8071-013-2

Kjelde[endre | endre wikiteksten]