Joakim Fjeldstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Joakim Fjeldstad
Fødd23. november 1982
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar

Karl Joakim Severin «Jokke» Fjeldstad, tidl. Netland (fødd 23. november 1982), er ein politisk aktivist og barnehagearbeidar frå Oslo. Fjeldstad er oppvaksen i drabantbyen Holmlia i Oslo. Han meldte seg inn i Raud Ungdom i 1998. Han var organisasjonsansvarleg i Oslo Raud Ungdom i 2000, varamedlem i landstyret til Raud Ungdom 20002004, fagleg ansvarleg i sentralstyret frå 2004 til 2006.

Fjeldstad var frå 2006 til -07 varamedlem til RV sitt arbeidsutval, og har seinare sete i landsstyret i Raudt. I 2010 var han varamedlem i landsstyret.

Han har òg vore i redaksjonen for tidsskriftet Gnist (tidlegare Rødt!), som partiet gjev ut.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]