Joakim Skovgaard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Joakim Skovgaard

Statsborgarskap Danmark
Fødd 18. november 1856
København
Død

9. mars 1933 (76 år)
København

Yrke kunstmålar, bilethoggar, grafikar, keramikar
Språk dansk
Medlem av Det kongelege svenske kunstakademiet
Far P.C. Skovgaard
Mor Georgia Skovgaard
Ektefelle Agnete Skovgaard
Joakim Skovgaard på Commons
Christus i de dødes Rige, 1894

Joakim Frederik Skovgaard (18. november 18569. mars 1933) var ein dansk målar og bilethoggar, fødd og død i København. Målaren Peter Christian Skovgaard var far hans.

Skovgaard gjekk i lære hos far sin i København. I fyrste halvdelen av 1880-åra studerte han målarkunst i Paris og reiste deretter rundt i Italia og i Hellas.

Han busette seg i fødebyen i 1884, og heldt fram å måle bilete i ein realistisk stil der han skildra kvardagslivet. Kringom 1890 tok han i større grad opp religiøse motiv i kunsten sin. I åra mellom 1895 og 1913 arbeidde han med livsverket sitt, utsmykkinga av Viborg domkyrkje. Her laga han mange store freskomåleri «i ein mild, tung og traust stil».[1] Eitt av måleria vart seinare flytta til Christianskirkjan i KlaksvíkFærøyane. Også høgkoret i Lund domkyrkje er utsmykka av Skovgaard.

Skovgaard dreiv også med keramikk og var ein flink teiknar og raderar. Han var elles aktiv som bilethoggar, mellom anna som skapar av verk knytt til fontener.

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Norsk Allkunnebok IX. 1960

Kjelder[endre | endre wikiteksten]