Joe Biden
Joe Biden | |
![]() | |
Fødd | 20. november 1942 Scranton |
Yrke | politikar, advokat |
Joe Biden på Commons |
Joseph Robinette Biden, Jr. (fødd 20. november 1942), oftast berre kalla Joe Biden, er ein politikar i USA. Han har vore visepresident for USA. Han er senator i det USA-amerikanske senatet for delstaten Delaware, og han er medlem av Det demokratiske partiet.
Han er kandidat til presidentvalet i 2020.[1]
Politisk løpebane[endre | endre wikiteksten]
Joe Biden var vald til senator i 1972, og har sete i seks periodar. Biden er leiar i utanrikskomiteen i Senatet. I tillegg er han medlem i justiskomiteen der han òg var leiar frå 1987 til 1995.
Biden var kandidat til å verte presidentkandidat frå Det demokratiske partiet i 1988 og i 2008, men gav opp etter sviktande oppslutnad.
Han vart den 20. januar 2009 innsett som visepresident saman med president Barack Obama.
Utdanning[endre | endre wikiteksten]
Biden er utdanna jurist.
Privat[endre | endre wikiteksten]
Biden er fødd i Pennsylvania, men har hatt oppvekst i Delaware. Bakgrunnen er irsk-amerikansk, og han er medlem i den katolske kyrkja. Den fyrste kona til Biden, Neilia (f. Hunter), døydde i ei bilulukke i 1973 saman med det eine av tre barn. I 1977 gifte Biden seg med Jill Tracy Jacobs, og dei har eitt barn saman.
- ↑ Scherer, Michael; Wagner, John (April 25, 2019). «Former vice president Joe Biden jumps into White House race». The Washington Post. Henta April 25, 2019.