Joerg Peninsula

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 68°11′S 65°10′W
Joerg Peninsula
halvøy
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
Stad Ellsworth Land
 - koordinatar 68°11′S 65°10′W
Administrert under Antarktistraktaten

Joerg Peninsula
68°10′60″ S 65°10′0″ W
Joerg Peninsula is located in Antarktis
Joerg Peninsula (Antarktis)

Joerg Peninsula er ei kupert, fjellrik halvøy, 22 nautiske mil lang og 3 til 10 nautiske mil brei, som ligg mellom Trailfjorden og SolbergfjordenBowman Coast i Graham Land i Antarktis. Halvøya ligg i området utforska frå lufta av sir Hubert Wilkins i 1928 og Lincoln Ellsworth i 1935, og sørkysten vart kartlagd av W.L.G. Joerg frå flyfotografi teken av Ellsworth. Ho vart vidare kartlagd og fotografert frå lufta av United States Antarctic Service i 1940 og kartlagd av Falkland Islands Dependencies Survey i 1947. Halvøya vart namngjeven av UK Antarctic Place-Names Committee etter W.L.G. Joerg (1885–1952), som var ein amerikanske geograf, polar kartograf og arkivar, som gjorde viktige bidrag til antarktisk kartografi, fagterminologi og historie. Joerg var styreleiar i United States Board on Geographic Names 1943–47, og medlem av Advisory Committee on Antarctic Names, 1947–52.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Joerg Peninsula» (innhald frå Geographic Names Information System).