Johan A. Vikan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Johan A. Vikan
Fødd 20. april 1912
Stjørdal
Død

16. juli 1997
Stjørdal

Yrke politikar, bonde

Johan Reinert Arnesson Vikan (20. april 191216. juli 1997) var ein norsk gardbrukar, organisasjonsleiar og Senterparti-politikar frå Stjørdal.

Far hans var gardbrukar på bruket Østre Vikan i Stjørdal. Etter Sund folkehøgskole og Mære landbruksskole utdanna Vikan seg 1936-39 til landbrukskandidat ved Norges landbrukshøgskole. Der etter var han gardsfullmektig på Mære til han overtok slektsgarden under verdskrigen. Frå 1942 til -52 hadde han også stilling som oppkjøpar for Statens kornforretning i Stjørdalsdistriktet.

Vikan var ordførar i Stjørdal 1952-55 og på ny 1960-61. Då kommunane Stjørdal, Skatval, Lånke og Hegra frå 1962 vart slått saman til storkommunen Stjørdal, vart Vikan vald til å vere den fyrste ordføraren i storkommunen. I 1966 vart han vald til formann i Norges Bondelag, sa då frå seg ordførarombodet. Hausten 1969 gjekk Vikan av som formann i bondelaget, etter han vart vald til stortingsrepresentant for Senterpartiet frå Nord-Trøndelag. Med attval i 1973 vart han verande på Stortinget til 1977, heile tida var han medlem i Finanskomitéen.

Attåt å vere både formanns og nestformann i Norges Bondelag, hadde Vikan ei rad tillitsverv i og kring næringslivet. Mellom anna var han styremedlem i Norges Vel, Gjensidige, Stjørdal Brannkasse, Bøndernes Bank, Husbanken, Folketrygdfondet og Distriktenes utbyggingsfond.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]