Skatval

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Skatval
tettstad
none  Skatval sett frå Forbordsfjellet
Skatval sett frå Forbordsfjellet
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Nord-Trøndelag
Kommune Stjørdal
Areal 0,74 km²
Folketal 934 (2015)
Folketettleik 1 262 / km²
Postnummer 7510 SKATVAL
Innbyggjarnamn skatvalsbygg
Wikimedia Commons: Skatval

Skatval er ei bygd og ein tettstad i Stjørdal kommune i Nord-Trøndelag fylke. Bygda utgjer òg eit eige kyrkjesokn, som tilsvarar den tidlegare Skatval kommune, som vart slått saman med Stjørdal, Lånke og Hegra kommunar den 1. januar 1962. Midt i bygda ligg Skatval sentrum, som er ein liten tettstad som har vekse fram sidan jarnbanen med stasjonen vart lagt innom her for om lag 100 år sidan. Resten av bygda har vekse fram som ei landbruksbygd gjennom tusenar av år. Sentrumsområdet har i dag 934 innbyggjarar per 1. januar 2015, mens bygda til saman har i om lag 2 500 innbyggjarar. Altså bur dei fleste enno i grendene.

Tidlegare olje- og energiminister Marit Arnstad (Sp) kjem frå Skatval.

De som kommer hid med bil eller jernbane for første gang, for intryk af brede mægtige bygder med høit udviklet jordbruk og velstelte gårder. Merker, sagn og historie bekræfter at et stærkt og stribart folk har bod og bygget her.

Johan L. Fløan

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Skatval er ei halvøy som er avgrensa av tre armar av Trondheimsfjorden, nemleg Strindfjorden (sør), Åsenfjorden (nordvest) og Stjørdalsfjorden (aust). Den inste delen av Åsenfjorden heiter Fættenfjorden. Bygda kan delast inn i fleire grender og bygdedelar, hovudsakleg Skatval sentrum, Vassbygda og Langstein. Nokre grender er Vinge, Auran, Velvang, Fiskvik, Bår, Forbord, Voldsdalen, Holan, Forbord, Fløan, Hammer, Alstad, Steinvik og Røkke.

Kulturlandskapet med grender, skog og landbruksjord er eit framtredande kjenneteikn på Skatval, i tillegg til det at sjølve halvøya er kupert og forholdsvis høgtliggjande. Forbordsfjellet er det høgste fjellet i bygda og eit godt utkikkspunkt i alle retningar.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Skatval kjem frå dei eldgamle «skat» og «val», kor tydinga er «endepunkt» og «(bu)plass rydda ved avsviing», altså tyder namnet noko slikt som «halvøy med buplass rydda ved avsviing». Det fordanska namnet var Skatvold, men soknet skifta namn til det noverande da bygda vart utskild som eigen kommune (herad) frå Nedre Stjørdal i 1902. Dei fleste andre stadnamna i bygda er opphavleg naturnamn, som Auran («sandjord»), Forbord («framom fjellet»), Fløan («land som vert overfløymd ved flo sjø»), Bår («[bygde]borg») og Røkke («rokk»).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det er uvisst når Skatval vart først busett, men det er funne buplassar og gjenstandar frå fleire tusen år tilbake. Storgardane Fløan, Forbord og Auran hadde mykje innverknad i vikingtida og mellomalderen. På 1500-talet bygde erkebisp Olav Engelbrektsson det største byggverket i Nord-Europa, Steinvikholm slott på Skatval. Slottet var stort sett lagt aude etter reformasjonen i 1537. Utskild som eigen kommune i 1902. Under den andre verdskrigen var det største slagskipet i den tyske marinen, «Tirpitz», stasjonert i Åsenfjorden i lengre periodar. I 1962 vart Skatval innlemma i Stjørdal kommune.

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Den mest framtredande næringa på Skatval er naturleg nok landbruket, men i dag arbeider òg ein svært stor del av innbyggjarane på anten Stjørdalshalsen, Innherad eller i Trondheim. Veg- og jarnbanesamband i begge retningar gjer det enkelt for innbyggjarane å velje arbeid utanfor bygda, utan at dette bidrar til fråflytting. I Skatval sentrum finst det nokre forretningar, hovudsakleg Coop Prix, frisørsalongen Hårstasen og Skatval landbrukslag.

Folk i de andre Stjørdalsbygdene må nok halvt misunnelig erkjenne at Skatval er den sterkeste jordbruksbygda i dalføret. Mellom de skogkledte kollene er jorda grøderik og ‘sjøgårdene’ kan komme i gang med våronna lenge før de andre.

Fotnoter[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Skatval Historielag: Skatvalsbøkene. 4 band, 2000–2007.
  • Olav Røkke: Skatval Herad i 25 år : 1902–1926. 1928.
  • Egil Christophersen: Okkupasjonsår i Stjørdalsbygdene 1940–45. 2 band, 1993–1995.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]