Johan Bojer
Johan Bojer (6. mars 1872–3. juli 1959) var ein norsk forfattar fødd på Orkedalsøren (i dag Orkanger i Orkdal kommune.) Johan Kristoffer fekk ved fødsla etternamnet Hansen. Mora heitte Johanna Elgåen, frå Røros (1848-1884), medan handelsfullmektig Hans Bojer (Bøier) frå Kristiania (1822-1894) påtok seg farskapet. Mora var tenestejente i Trondheim, og foreldra budde ikkje i lag. Johan vart sett bort, og voks opp som fosterson hjå Mor Randi, Randi og Elias Fætten i Stadsbygd i Rissa kommune.
Han debuterte som forfattar i 1893. Frå 1895 til 1915 budde han i Paris.
I 1899 gifte han seg med Ellen Lange (1873-1932), syster til Christian Lous Lange.
Nokre verk[endre | endre wikiteksten]
- 1913 Fangen som sang
- 1896 Et folketog
- 1921 Den siste viking
- 1924 Vor egen stamme
|