Johan Dahl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Johan Dahl
Fødd22. januar 1836
Fredrikshald
Død9. september 1908
Fredrikshald
NasjonalitetNoreg
PartiHøgre
Yrkeoffiser, politikar

Johan Jakob Dahl (22. januar 18369. september 1908) var ein norsk offiser og stortingsmann frå Fredrikshald. Han slutta seg til partiet Høgre då det vart danna.

Dahl var son til ein auditør. Sjølv vart han offiser i 1854, og var premierløytnant frå 1857. Sidan vart han i 1867 kaptein i 1. akershusiske brigade og frå 1883 oberstløytnant i bergenske brigade. Han vart utnemnd til oberst i 1889, og i 1891 overført til 2. akershusiske brigade. Han slutta militærtenesta i 1901.

Dahl var Fredrikshald sin representant på Stortinget i valperioden 1883-85. Han var medlem av militærkomiteen.

Han døydde ved Fredrikshald i 1908.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]