Johan Ernst Berg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Johan Ernst Berg
Fødd 19. oktober 1768
Strinda
Død

15. oktober 1828
Bodø

Yrke politikar, advokat

Johan Ernst Berg (19. oktober 176815. oktober 1828) var ein norsk embetsmann og stortingsmann.

Berg var frå Strinda i Sør-Trøndelag, der far hans var gardbrukar. Berg vart uteksaminert jurist i 1795. 1802 var han fullmektig i det danske generalpostamtet, året etter vart han utnemnd til fut i Salten i Noreg. Tolv år seinare, 1815, vart han amtmann i Nordland. Eit embete han sat i til han døydde.

Berg var innkalla til Eidsvollforsamlinga, men ingen frå Nord-Noreg var til stades på Eidsvoll grunna kommunikasjonane. Han vart sidan vald til stortingsrepresentant to gongar. På stortinget 1815-16 var han 2. representant frå Nordlands amt, og var med i tolv stortingskomitear. 1821 vart han innvald på nytt, og atter medlem av tolv komitear. Til det overordentlege storting 1822 melde han avbod grunna sjukdom. Både i 1815 og 1821 var han med i komitear som arbeidde med spørsmål kring utviklinga av Bodø som kjøpstad og by.

Berg var innehavar av Nordstjerneordenen.

Han døydde på amtmannsgarden i Bodin.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914, Kristiania 1914