Johan J. Gjendem

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Johan J. Gjendem
Fødd4. august 1924
FødestadFræna
Død2003
OpphavNoreg
Instrumentorgel
Verka sommusikar

Johan J. Gjendem (fødd 14. august 1924 i Fræna, død 2003) var ein norsk organist og komponist. Han arbeidde mellom anna som organist i Røros kyrkje, Ullensvang kyrkje i Hardanger og i Lund kyrkje og Grim kyrkje i Kristiansand. Han var og i ei årrekkje lektor ved Agder Musikkonservatorium. Han har komponert kyrkjemusikk og skrive fagartiklar om orgel og kyrkjemusikk. Han arbeidde som konsulent for nye orgel.

Gjendem har ein salme i Norsk Salmebok. Han omsette den tyske teksten til norsk, og tilpassa Heinrich Schütz sin melodi av salmen «Alle vender augo sine til deg» til norsk. Denne salmen, som vert mykje brukt som bordvers, er innteken i Norsk salmebok.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Nytt Norsk Salmeleksikon Trondheim 2011

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

[[Kategori:Folk frå Fræna