Johan Ludwig Mowinckel si første regjering
Utsjånad
Johan Ludwig Mowinckel si første regjering tiltredde 25. juli 1924 og gjekk av 5. mars 1926. Den var ei mindretalsregjering frå Venstre. Den tok over etter Regjeringa Berge, og vart avløyst av Regjeringa Lykke.
Statsministeren, Johan Ludwig Mowinckwel hadde vore utanriksminister i Blehr si andre regjering 1922-1923, og tok oppatt tradisjonen etter Jørgen Løvland med også å vere utanriksminister. Mowinckel var også utanriksminister i dei to neste regjeringane han leia. Etter han har ingen norsk statsminister prøvd denne kombinasjonen.
Regjeringa hadde følgjande statsrådar:
Statsrådpost | Statsråd | Periode[1] | Parti |
---|---|---|---|
Statsminister | Johan Ludwig Mowinckel | Venstre | |
Utanriksminister | Johan Ludwig Mowinckel | Venstre | |
Forsvarsminister | Rolf Jacobsen | Venstre | |
Finansminister | Arnold Holmboe | Venstre | |
Handelsminister | Lars Meling | Venstre | |
Arbeidsminister | Ole Monsen Mjelde | Venstre | |
Justis- og politiminister | Paal Berg | Venstre | |
Sosialminister | Lars Oftedal | Venstre | |
Landbruksminister | Haakon Five | Venstre | |
Kyrkje- og undervisingsminister | Ivar Tveiten | Venstre |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Heile regjeringa sat heile perioden frå 25. juli 1924 til 5. mars 1926