Berge-regjeringa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Regjeringa Berge)
Hopp til navigering Hopp til søk

Regjeringa Abraham Berge tiltrådde 30. mai 1923 etter at statsminister Otto B. Halvorsen døydde i embetet. Som den avgåtte regjeringa, var også denne ei samarbeidsregjering mellom Høgre og Frisindede Venstre.

Statsrådpost Statsråd Periode Parti
Statsminister og sjef for Finansdepartementet Abraham Berge FrV
Utanriksminister Christian Fredrik Michelet H
Justisdepartementet Christian L. Rolfsen H
Landbruksdepartementet Anders Venger H
Kyrkjedepartementet Ivar B. Sælen til 23. november 1923 H
Karl Sanne frå 23. november 1923 H
Forsvarsdepartementet Karl Wefring FrV
Sosialdepartementet Odd S. Klingenberg H
Handelsdepartementet Johan Rye Holmboe FrV
Arbeidsdepartementet Cornelius Middelthon H

Riksrett mot statsminister Berge si regjering[endre | endre wikiteksten]

Abraham Berge og seks av statsrådane, blant desse Venger, vart i 1926 stilt for riksrett. Regjeringa Berge hadde i 1923 løyvd pengar for å støtte Den norske Handelsbank, utan å informere Stortinget.

Den 14. juli 1926 trefte Odelstinget følgande vedtak:

«Det skal reisast riksrettssøksmål mot statsminister h. v. Abraham Berge og statsrådene O. Klingenberg, C.F. Michelet, C. Middelthon, J. Rye Holmboe, A. Venger og K.W. Wefring for at dei

  • 1. ved ei ordning, som dei fekk til eller var med på i tidi 25.-31. mai 1923, let A/S Den norske handelsbank få eit innskot stort 25 millionar krunor i statsvekslar, og at dei ved dette gjekk fram på ein måte, som ikkje er samhøveleg med riksskipnaden;
  • 2. i statsråd hjå Kongen den 19. januar 1924 ikkje kom fram med upplysning um innskotet på 25 millionar krunor i A/S Den norske handelsbank og let Kongen vedtaka ei misvisande uppgave til Stortinget yver dei innskot staten hadde i innanlandske banker;
  • 3. den gongen dei ved fyrehavingane i Stortinget 7. og 8. april 1924 fekk vedteke framlegget um statsgaranti for A/S Den norske handelsbank for upp til 15 millionar krunor, dulde for Stortinget, at banken tidlegare hadde fenge statsstudnad på 25 millionar krunor, som då framleis var ståande i banken.»

Berge og statsrådane vart 25. mars 1927 likevel frikjende (under dissens) ut frå at dei hadde handla i beste meining.

Domsslutninga vart:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]