Johan Pettersen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Johan Pettersen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 5. april 1887
Sarpsborg kommune
Død

juni 1964

Yrke politikar
Politisk parti Arbeidarpartiet

Johan Edvind Pettersen (5. april 1887–juni 1964)[1] var ein norsk fabrikkarbeidar og politikar frå Sarpsborg. Han representerte ArbeidarpartietStortinget frå 1931 til -45.

Pettersen var son til ein tomtearbeidar. Sjølv arbeidde han til 1932 ved De Norske Melkefabrikker i Sannesund til 1932. Frå 1938 var han tilsynsassistent i arbeidsinspektoratet.

Pettersen engasjerte seg i politisk arbeid og var medlem i Sarpsborg bystyre frå 1919 til 1940, også medlem i fattigstyret i byen. Etter å ha vore fagforeiningsleiar ved mjølkefabrikken, vart han vald til formann i Norsk Nærings- og Nydelsesmiddels-arbeiderforbund. Frå 1930 til -33 var han landsstyremedlem i Arbeidarpartiet. Han vart vald til stortingsrepresentant hausten 1930 for dei fire byane i Østfold og Drøbak i Akershus, og vart attvald i 1933 og -36. På Stortinget var han 1931-33 og 1937-45 medlem i Administrasjonskomiteen, i den mellomliggande perioden, 1934-36, hadde han plass i Skog- og vassdragskomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Johan E. Pettersen død», Sarpsborg Arbeiderblad, 26.06.1964