Johann David Heinichen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Johann David Heinichen
Johann David Heinichen.jpeg
Fødd17. april 1683
FødestadKrössuln ved Teuchern i Sachsen-Anhalt
Død16. juli 1729 (46 år)
DødsstadDresden i Sachsen
OpphavTyskland
PeriodeBarokken
Instrumentpipeorgel
Verka somkomponist og musikkteoretikar

Johann David Heinichen (fødd 17. april 1683 i Krössuln ved Teuchern, død 16. juli 1729 i Dresden) var ein tysk barokkkomponist og musikkteoretikar.

Far til Johann David Heinichen, Michael Heinichen, hadde studert musikk ved den prestisjetunge Thomasschule Leipzig, og var kantor i Pegau og pastor ved landsbykyrkja i Krössuln. Johann David gjekk òg på Thomasschule i Leipzig der han studerte musikk med Johann Schelle og seinare tok orgel- og cembaloleksjonar hos Johann Kuhnau.

Frå 1702 studerte Heinichen jus ved universitet i Leipzig, og vart jurist i 1705-1706. Tidleg på 1700-talet var jus-studiet ein vanleg utdanningsveg for komponistar, òg Kuhnau, Graupner og Georg Philipp Telemann var juristar. Heinichen praktiserte som jurist i Weissenfels til 1709, men var framleis interessert i musikk og komponerte samstundes operaer. I 1710 publiserte han den første utgåva av avhandlinga si om generalbass. Han budde i Italia, stort sett i Venezia, i sju formative år.

I 1717 vart han kollega med Johann Sebastian Bach ved hoffet til Prins Leopold av Anhalt-Köthen, seinare kapellmeister ved det saksiske hoffet i Dresden der lutheranaren Heinichen komponerte mykje katolsk kyrkjemusikk. I 1721 gifta Heinichen seg i Weissenfels og det einaste registrerte barnet hans vart fødd i januar 1723.

Heinichen leid av tuberkulose og hadde i sine siste år særs dårleg helse slik at kollegaene hans Jan Dismas Zelenka og Giovatni Alberto Ristori (1692-1755) ofte måtte utføre oppgåvene hans.

I sine siste år underviste han Johann Georg Pisendel og Johann Joachim Quantz i komposisjon og arbeida på avhandlinga si om generalbass. Dette verket er ein av dei viktigaste kjeldene til musikkteorien på 1700-talet.

Musikken til Heinichen opplever fornya interesse, nokre av messene hans og det siste verket hans, eit Magnificat, er vorte spelt inn på CD.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

  • Kvintsirkelen vart først publisert av Heinichen i Der General-Bass in der Composition (1728).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]