Johann Gottfried Galle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Johann Gottfried Galle

Johann Gottfried Galle
Fødd9. juni 1812
Radis i Tyskland
Død10. juli 1910 (98 år)
Potsdam i Tyskland
NasjonalitetTysk
Områdeastronomi
Yrkeastronom, universitetslærar
InstitusjonarUniversitetet i Wrocław
Alma materUniversitetet i Berlin
Kjend foroppdaginga av planeten Neptun
UtmerkingarLalandeprisen (1839)
MedlemDet bayerske vitskapsakademiet
Signatur

Johann Gottfried Galle (9. juni 181210. juli 1910) var ein tysk astronom. Den 23. september 1846 oppdaga han Neptun etter utrekningar av U.J.J. Leverrier. Han oppdaga tre kometar og gav i 1894 ut eit register over alle utrekna kometbanar. Han arbeidde òg med meteorar og synte korleis observasjonar av jordnære asteroidar kan nyttast til utrekning av solparallaksen.

Galle var direktør for observatoriet i Breslau frå 1851 til 1897.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]