Johann Gottfried Steffan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Johann Gottfried Steffan
Ig-steffan.jpg
Sjølvportrett
Fødd 13. desember 1815
Wädenswil
Død

16. juni 1905
München

Sjanger landskapsmåleri
Yrke kunstmålar

Johann Gottfried Steffan (13. desember 181516. juni 1905) var ein av dei fremste sveitsiske landskapsmålarane i det 19. hundreåret. Han er ein av dei mest kjende representantane for Münchenskulen.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

'Ung gjetar med geiter og sauer', 1858

Etter ei læretid som litograf i heimbyen Wädenswil reiste Steffan i 1833 til München og vidareutdanning der. Han studerte på kunstakademiet i byen med Peter von Cornelius til læremeister. Gjennom påverknad frå Carl Rottmann fatta han stor interesse for landskapsmåleri, og konsentrerte seg om den biletsjangeren.

Steffan sitt atelier vart midtpunkt for dei sveitsiske kunstnarane i München, mellom andre arbeidde Arnold Böcklin der. Saman med fleire kollegaer, der i mellom Rudolf Koller, la han han ut på studieturar til dei sveitsiske alpane, oftast til kantonen Glarus og til Walensjøen. I sine seinare år besøkte han Berchtesgaden og Ramsau fleire gongar, der han fann mange motiv.

Steffan sine måleri viser idealiserte landskap, oftast fjellutsyn, i Münchenskulen si ånd. Minst ein tredel av bileta han laga er landskapsbilete frå landområda med dei sveitsiske foralpane.

Heile livet ut var han busett i München.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Johann Gottfried Steffan