Johann Rist

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Johann Rist

Statsborgarskap Det tysk-romerske riket
Fødd 8. mars 1607
Hamburg
Død

31. august 1667 (60 år)
Wedel

Yrke lyrikar, skribent
Språk tysk
Medlem av Det Fruktbringende Selskab, Elbschwanenorden
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja
Johann Rist på Commons

Johann Rist (8. mars 160731. august 1667) eller Johann von Rist var ein tysk teolog og salmeforfattar.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Rist var fødd i Hamburg som son av ein luthersk prest. Han gjekk på skole på Johanneum i Hamburg og gymnaset Illustre i Bremen før han studerte teologi ved universitetet i Rinteln. Der blei han påverka av Josua Stegman og byrja å interessera seg for salmedikting. Då han drog frå Rinteln blei han lærar for sønene til ein kjøpmann i Hamburg og følgde dei til Universität Rostock, der han sjølv også studerte hebraisk, matematikk og medisin. I løpet av tida i Rostock tømte nesten trettiårskrigen universitetet for studentar, og Rist var sjuk i fleire veker med pest.

I 1633 blei han huslærar hjå Landschreiber Heinrich Sager i Heide. To år seinare blei han utnemnd til pastor i landsbyen Wedel ved Elben, der han blei verande livet ut. Same året gifta han seg med Elisabeth Stapel, som han fekk fem barn med. Ho døydde i 1662, og i 1664 gifta han seg med Anna Hagedorn.

Virke[endre | endre wikiteksten]

Johann Rist blei først kjend i litteraturverda med dramaet Perseus (1634), som han skreiv i Heide. I dei påfølgjande åra skreiv han ein serie drama der Das friedewünschende Teutschland (1647) og Das friedejauchzende Teutschland (1653) er dei mest interessante. Rist blei snart ein sentral figur i ein krins av mindre diktarar, og han fekk mykje ros. Keisar Ferdinand III adla han og gav han tittelen Hofpfalzgraf. Rist grunnla diktarforbundet Elbschwanenordens. Han var også med i fleire andre diktarforbund.

Det er som salmediktar at Rist er mest kjend i dag. Fleire av salmane hans er framleis i bruk, blant anna i Norsk Salmebok. Dikta hans er blitt samla under titlane Musa Teutonica (1634) og Himmlische Lieder (1643).

Johann Sebastian Bach skreiv to kantatar basert på «O Ewigkeit, du Donnerwort» av Rist: BWV 60 (1723), der han brukte det første verset, og BWV 20 (1724), der han brukte heile koralen.[1] Jesu, der du meine Seele, BWV 78 er ein annan kantate av Bach som byggjer på Rist sin salme av same namn.

«O Gottes Geist, mein Trost und Rat» av Rist blir sungen til melodien for «Komm, Heiliger Geist, Herre Gott». Christiana Mariana von Ziegler tok med det niande verse i sin libretto for Bach sin kantate Er rufet seinen Schafen mit Namen, BWV 175.[2]

Rist si salme frå 1641/1642, «Ein trauiger Grabgesang» inneheld eit tidleg døme på frasen «Gud er død» i tysk kultur. I dette høvet er konteksten eksplisitt teistisk, protestantisk kristen.[3]

Verkliste[endre | endre wikiteksten]

  • Die alleredelste Belustigung (1666)
  • Die alleredelste Erfindung (1667)
  • Das alleredelste Leben (1663)
  • Das alleredelste Nass der gantzen Welt (1663)
  • Das Friedewünschende Teuschland (1649)
  • Sabbathische Seelenlust. Lüneburg: J. og H. Stern 1651
  • Neue Musikalische Fest-Andachten: Lüneburg: J. og H. Stern 1655
  • Neue Musikalische Katechismus-Andachten. Lüneburg: J. og H. Stern: 1656
  • Himmlische Lieder. Lüneburg: J. og H. Stern 1641
  • Neue Musikalische Kreutz- Trost- Lob und DankSchule. Lüneburg: J. og H. Stern 1659

Referanser[endre | endre wikiteksten]

  1. Chisholm 1911.
  2. Luke Dahn. BWV 175.7 ved bach-chorales.com, 2017
  3. Josephson-Storm, Jason (2017). The Myth of Disenchantment: Magic, Modernity, and the Birth of the Human Sciences. Chicago: University of Chicago Press. s. 67-8. ISBN 0-226-40336-X. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]