Polka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Polka dansa på kroningsball i Stockholm i 1844.

Polka (frå tsjekkisk pulka, 'halvsteg' eller polka, 'polsk kvinne') er ein pardans i livleg to-takt som stammar frå Böhmen. Han blir rekna for å ha oppstått i Praha rundt 1830. Dansen finst i fleire former, men er prega av «bytt-om-fot»-trinnene og feiande runddans.

Polka er nærskyld med schottisch og var saman med vals den mest populære selskapsdansen fram til 1900-talet. Ulike polkatypar lever vidare i folkeleg tradisjon, og i Noreg er han framleis populær som gammaldans.

Polkamusikk blei brukt i kunstmusikk av komponistar som Smetana, Dvořák, Johann Strauss den eldre og Johann Strauss den yngre.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Polka» (19. desember 2011), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 16. januar 2015.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Polka
Spire Denne kulturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.