Johanne Nylænd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Johanne Nylænd
Nasjonalitet Norsk
Fødd 2. februar 1855
Kjellingtveit i Rauland
Død

9. januar 1930 (74 år)

Yrke Vevar og lærar i veving
Tema Plantefarging
Debut Norske plantefargar

Johanne Nylænd (fødd 2. februar 1855 i Rauland, død 9. januar 1930) var ein norsk vevar og plantefargingsekspert som skreiv handboka Norske plantefargar.

Nylænd var fødd på garden Kjellingtveit i Rauland. Som ung laut ho ut i teneste og fekk ikkje byrja å lære seg åkleveving før ho var 28 år gamal. Det var noko ho lenge hadde ynskt. I 1891 fekk ho pengestøtte til å gå eit seksvekerskurs halde av Norske husflidsvenner i Oslo, og i 1896 var ho i Oslo på kurs att og fekk timar i vevnad, korgmaking, raffia og rottingsarbeid. Attende i Telemark heldt ho vevskule, i Rauland i 1892, i Vinje i 1896 og i Fyresdal i 1899.

Nylænd ynskte å lære seg om plantefarging og fekk støtte til det av Stortinget. Ho reiste rundt og sanka planter og snakka med gamalt folk. I 1904 vart so handboka Norske plantefargar gjeven ut av Rikard Berge. Boka har sidan kome i fleire utgåver og opplag, og er for ein klassikar å rekne.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Rikard Berge: Føreorda til fyrste og andre utgåva av Norske plantefargar