Hopp til innhald

Fyresdal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fyresdal
Moland
tettstad
Land  Noreg
Fylke Telemark
Kommune Fyresdal
Areal 0,63 km²
Folketal 375 (2024)
Folketettleik 595 / km²
Postnummer 3870 FYRESDAL
Innbyggjarnamn fyresdøl
Preposisjon i Fyresdal
Kart
Moland
59°11′08″N 8°05′30″E / 59.185556°N 8.091667°E / 59.185556; 8.091667
Wikimedia Commons: Moland, Fyresdal

Fyresdal, eller Moland, er einaste tettstad og eit administrasjonssenter i Fyresdal kommune i sørvestlegaste delen av Telemark fylke. Bygda ligg langs Fv355 i nordenden av Fyresvatn, omtrent fem mil frå Treungen i Nissedal kommune i søraust og like langt frå Dalen i Tokke kommune i nord. Det meste av offentlege og private tenester i kommunen ligg på staden.

På 1870-talet oppstod på grunnen til Folkestad gard eit nærings- og handverkssentrum som vart kalla Folkestadbyen. Det var tre gater i eit triangelmønster: Hovudvegen (no Folkestadgata-Gamleveg), Skippergata og Lensmannsgata. I laupet av 40 år vart hus flytta dit frå andre delar av bygda, og nye vart oppførte, fleire av dei i sveitserstil. Her budde handverkarar av ymse slag, men òg folk som lensmann, kaptein på rutebåten på Fyresvatn, postkøyrar, jordmor og handelsmenn. Innanfor denne litle byen fanst så seint som for 60 år sidan fem-seks daglegvarebutikkar, manufakturhandel, meieri, bakeri, bedehus og vertshus.

Etter kvart har tettstaden vakse ytterlegare, og i dag nyttast namnet Folkestadbyen berre om dei gamle delane. Ein del av dei gamle husa tilhøyrer Fyresdal bygdemuseum, som i sin tur er ein del av Vest-Telemark Museum. Folkestadbyen fekk i 2003 tettstadsprisen for Telemark.

Folketalsutvikling

[endre | endre wikiteksten]
Folketalsutvikling i Fyresdal tettstad
År Innbyggjarar
1890
 
95
1900
 
127
1910
 
174
1920
 
147
1930
 
169
1946
 
150
1950
 
197
1960
 
304
1970
 
379
1980
 
473
1990
 
313
2000
 
403
2009
 
354
2012
 
352
Kjelder: SSB: Norske folketeljingar