Johanne Samueline Pedersen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Johanne Samueline Pedersen
Fødd 15. mars 1887

Innvik

Død 16. september 1961
Parti Arbeidarpartiet

Johanne Samueline Pedersen (15. mars 188716. september 1961) var ein norsk politikar for Arbeidarpartiet, som sat to periodar på Stortinget.

Pedersen vart fødd i Innvik i Sogn og Fjordane, som dotter av gardbrukarane Garbrand og Dorthea Teigen. Etter å ha halde til åra 1905–1907 i USA, flytta ho til Oslo og utdanna seg ved Jordmorskolen. Etter å ha vorte ferdig med utdanninga i 1911 arbeidde ho først som distriktsjordmor i Brandval i Hedmark fram til 1915, før ho drog til Minneapolis og arbeidde eitt år som jordmor og sjukepleiar der. Tilbake i Noreg arbeidde ho to år som jordmor i Løten før ho i 1918 tok opp att arbeidet i Brandval.

Etterkvart tok Pedersen opp fleire leiarverv; blant anna vart ho i 1930 formann for Lundeseter arbeiderlag, i 1932 for Skulestyret i Brandval og for Fattigstyret i same kommune, i 1937 for Arbeiderkvinnelaget, og i 1947 for Den norske jordmorforening. Samstundes engasjerte ho seg i Brandval kommunestyre, der ho først vart valt inn i 1934. Ved stortingsvalet i 1937 stilte ho som tredje vararepresentant for Hedmark utan å koma inn, men ved stortingsvalet i 1945 vart ho valt inn. På Stortinget sat ho først fire år i Helsekomiteen, og deretter fire år i Administrasjonskomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]