Johannes Arnesson Øvsthus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Johannes Arnesson Øvsthus
Fødd 3. august 1818
Yrke arkitekt

Johannes Arnesson Øvsthus (3. august 181817. juli 1892) var ein norsk gardbrukar og byggmeister frå Hosanger i Hordaland, kjend som kyrkjebyggar i Hordaland og vidare.

Johannes Arnesson Øvsthus var byggmeister for Fusa kyrkje. Kyrkja frå 1861 brann ned i 1959.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Far hans var husmann før han skaffa seg garden Søre Øvsthus i Hosanger prestegjeld. Sjølv var Johannes frå 1835 til -43 omgangsskulelærar i distriktet Bysheim-Heldal i Hosanger, «ualmindelig duelig». Sidan var han gardbrukar på farsgarden Søre Øvsthus og bygningsmann. Ut i 1850-åra stod han føre byggjinga av Strandvik kyrkje, ferdigbygt 1857. Det neste tiåret heldt han fram med å vere byggmeister på Fusa kyrkje, Dale kyrkje i Fjaler i Sunnfjord og Meland kyrkje i Nordhordland. Truleg gjennom arbeidet sitt lærde han seg å lage arkitektteikningar og byrja sjølve å levere bygningsteikningar, mellom anna til Mo kyrkje i Modalen og Vike kyrkjeOsterøy. Kyrkjene han bygde er «preget av en blanding av sveitserstil og nygotikk og har en forholdsvis nøktern bruk av detaljer», heiter det i Norsk kunstnerleksikon. Øvsthus budde fram til 1879-80 lange tider i Bergen og Fana, der han dreiv byggeverksemd medan kona Ingebjørg stelte garden heime i Hosanger.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]