Dale kyrkje i Fjaler
| Dale kyrkje | |||
| kyrkje | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Fylke | Vestland | ||
| Kommune | Fjaler | ||
| Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
| Bispedøme | Bjørgvin | ||
| Prosti | Sunnfjord | ||
| Sokn | Fjaler | ||
| Fellesråd | Fjaler | ||
| Type | Langkyrkje | ||
| Arkitekt | Ukjend | ||
| Material | Tre | ||
| Innvigd | 24. november 1864 | ||
| Kyrkjegard | Ved kyrkja | ||
| Altartavle | av Anders Askevold | ||
| Sitjeplassar | 550 | ||
![]() Dale kyrkje i Fjaler 61°21′44″N 5°23′49″E / 61.3623°N 5.397°E | |||
| Wikimedia Commons: Dale kirke, Fjaler | |||
Dale kyrkje står i Dale i Fjaler kommune i Vestland, og er ei langkyrkje bygd i tre i 1864.
Den noverande kyrkje er ei tømra langkyrkje i tradisjonell stil. Nygotiske trekyrkjer av denne typen vart det bygd mange av i Noreg i andre halvdel av 1800-talet. Kyrkja vart reist av byggmeister Johannes Arnesson Øvsthus frå Hosanger og ho kosta om lag 5000 spesiedalar. Ein veit ikkje kven som har teikna bygget.[1] Kyrkja har oppunder 550 sitjeplassar og har vore hovudkyrkja i Fjaler sidan 1894.
Tidlegare kyrkjer
[endre | endre wikiteksten]Det finst ingen sikre opplysningar om når det første kyrkja vart reist i Dale. Truleg var den første kyrkja ei stavkyrkje. I det historiske dokumentet Bergens Kalvskinn frå kring 1350 er ”Dalskirkue” nemnd. Det var truleg den andre kyrkja i Fjaler. Denne vart riven i 1593 for å gje plass for ei ny kyrkje; ei tjørebreidd, bordkledd tømmerkyrkje, som vart ståande fram til 1863. Denne kyrkja finst det avblildning av. Den kjende landskapsmålaren Anders Askevold har henne med på eit oljemåleri frå Dalsbygda i 1853.
I 1772 vart alle kyrkjene i prestegjeldet selde på auksjon og kom i privat eige, men i 1860 gav konsul Jansen kyrkja til Dale kyrkjelyd utan vederlag. Då denne kyrkja vart for lita og dessutan var i dårleg stand, vart ho riven i 1863 og den nye kyrkja stod ferdig året etter. Døypefonten, ei gammal altertavle som heng på skrå oppe i koret og kyrkjeklokkene som no er i Dale kyrkje er frå eldre kyrkjer. Elles er ei kyrkjedør frå mellomalderen i samlinga ved Bergen Museum. Det er òg er ein preikestol frå 1620, medan ein messehakel frå 1650 er teken vare på i Kunstindustrimuseet i Oslo.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Om Fjaler kyrkjelyd på nettstaden til Den norske kyrkja
- Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og soknegrenser, på nettstaden til Universitetet i Bergen/Digitalarkivet
- Skanna kyrkjebøker frå Sogn og Fjordane på nettstaden til Arkivverket
- Oversikt over gravminne i Fjaler kommune på nettstaden disnorge.no
- Dale kyrkje i Fjaler i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- «Dale kyrkje i Fjaler». Kirkesøk. Den norske kyrkja.
