Johannes Krukhoug

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Johannes Krukhoug
Fødd22. april 1863
Øyer
Død29. august 1943
Statsborgar avNoreg
PartiArbeiderdemokratene
Yrkelærar, Klokkar, politikar

Johannes Torsteinsson Krukhoug (22. april 186329. august 1943) var ein lærar og politikar frå Øyer i Oppland.

Krukhoug var son til ein gardbrukar. Vinteren 1878/79 gjekk han Gudbrandsdal amtsskule. Fire år seinare tok han eksamen ved seminaret på Hamar og i 1884-85 var han halvtanna år elev ved latinskulen på Hauges Minde i Kristiania. Perioden 1886-92 var Krukhoug lærar i Nordre Langlia i Sør-Fron. Etter eit år som skulemeister i Råde i Østfold, fekk han så i 1894 stillinga som lærar og kyrkjesongar i Kvikne i Nord-Fron, ei stilling han hadde i over 39 år. «Krukhoug var ein samvitsfull og dugande lærar. Særleg måtte ein legge merke til når ein kom i skulen hans, den gode orden elevane hadde i dei skriftlege arbeid.»[1]

Frå 1898 til 1910 var Krukhoug medlem i heradsstyret i Nord-Fron, deretter var han i ni år ordførar i Nord-Fron til ut 1919. Elles var i 8 år formann i soknerådet, formann 1922-24 i verjerådet og i fleire år overformyndar. Han var i 12 år kasserar og styremedlem i Gudbrandsdal Ungdomslag.

Valbolken 1919-21 representerte Krukhoug einmannnskrinsen Nordre Gudbrandsdalen på Stortinget, vald for Arbeiderdemokratene, medlem i Jarnbanekomiteen. Den neste valbolken, 1922-24, var han 1. varamann til Stortinget, då vald frå Oppland fylke. Han møtte då i fire veker sommaren 1922, i staden for Alf Mjøen.

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Skulesoge for Fron, s. 166

Kjelder[endre | endre wikiteksten]