Johs. Rian
Johs. Rian | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 17. mai 1891 Overhalla |
Død |
10. desember 1981 (90 år) |
Yrke | kunstmålar |
Språk | norsk |
Johs. Rian på Commons |
Johannes Rian (17. mai 1891–10. desember 1981), kjend som Johs. Rian, var ein norsk målar frå Overhalla.
Rian studerte ved Statens Håndverks- og Kunstindustriskole i 1927 og ved Statens Kunstakademi under Axel Revold frå 1928 til 1930. Fleire gongar var han utanlands på studieturar, mellom anna i Sør-Europa. Han hadde ei rekke separatutstillingar og er representert med måleri i Nasjonalgalleriet og Museet for Samtidskunst i Oslo, Bergen Billedgalleri, Riksgalleriet, Statens Museum for kunst i København og Nationalmuseum Stockholm.
Rian vart tidleg påverka av franske kunstnarar som Paul Cézanne og Henri Matisse. Bileta hans har oftast forenkla figurar og flater i kraftige fargar. På 1960- og 70-talet måla Rian mest nonfigurativ kunst.
Han var busett i Oslo og døydde der.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Johs. Rian i Norsk biografisk leksikon
- Bildeeksempler og CV hos Galleri Haaken
- Haaken A. Christensen om Johs. Rian 2001
- Johs Rian på Samtidskunstmuseet 2002 Arkivert 2007-06-11 ved Wayback Machine.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Johs. Rian» frå Wikipedia på bokmål, den 21. mai 2012.