John Alvheim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
John Alvheim
Fødd 21. mai 1930

Øygarden

Død 5. desember 2005
Notodden

John Ingolf Alvheim (21. mai 19305. desember 2005) i Øygarden i Hordaland, var ein norsk politikar i Framstegspartiet. Han var innvald på Stortinget frå Telemark frå 1989 til 2005, i perioden 1997-2005 var han leiar av Sosialkomitéen. Han var vararepresentant 1973-1977 for KrF.

Alvheim var utdanna anestesisjukepleiar og diakon og hadde økonomisk-administrativ tilleggsutdanning.

Då han vart innvald på Stortinget, var han direktør ved Notodden sjukehus, ei stilling han hadde hatt sidan 1987. Alvheim vert rekna som ein av dei fremste helsepolitikarane Noreg har hatt, også blant sine politiske motstandarar.

I 2000 fekk Alvheim mykje merksemd i media etter ei reise på Cuba der han roste det kubanske systemet. John Alvheim døydde i 2005. Same året kom det ut ein biografi om livet hans, skriven av Arvid Møller, som fekk tittelen Alvheim.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]