John Elieson
John Elieson | |
![]() | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 21. februar 1810 Rygge |
Død | |
Yrke | politikar, jurist |
Språk | norsk |
Far | Peter Elieson |
John Collett Postumus Elieson (21. februar 1810–27. mai 1876) var ein norsk prokurator, embetsmann og stortingsmann. Han var son av Peter Elieson.
Elieson var fødd i Rygge i Østfold. Han vart student i 1828 og cand. jur. i 1832. Deretter var han tilsett i finansdepartementet frå 1834, og fungerte 1836-39 som sorenskrivar i Øvre Telemarks østfjellske distrikt. Frå 1839 til 1859 var han underrettsprokurator i Drammen. I denne perioden var han ordførar i byen i fleire år.
Elieson var stortingsrepresentant for Drammen 1845, 1848, 1854, 1857, 1858, 1859-60. I 1845 var han mellom anna sekretær i Odelstinget og i lovkomiteen. Både i 1848 og 1854 var han sekretær i Stortinget. I 1854 var han også formann i justiskomite nr 1. Han var president i Odelstinget 1857 og 1859-60, visepresident i 1858. Formann i protokollkomiteen i 1859-60.
I 1859 vart Elieson utnemnd til sorenskrivar i Toten. Dette embetet hadde han til døydde på Toten i 1876.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om John Elieson NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv