John J. Audubon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
John J. Audubon
John James Audubon 1826.jpg
Fødd26. april 1785
Les Cayes
Død27. januar 1851
New York by
NasjonalitetUSA, Frankrike
Områdeornitologi
Yrkebotanikar, ornitolog, kunstmålar, zoolog, biolog, scientific illustrator
DoktorgradsrettleiarAlexander Wilson
EktefelleLucy Audubon
MedlemRoyal Society
American Philosophical Society
American Academy of Arts and Sciences
Royal Society of Edinburgh

John James Audubon, opphavleg franske namn Jean-Jacques Audubon (26. april 178527. januar 1851), var ein fransk-USA-amerikansk ornitolog, naturhistorikar, jeger og målar. Han er særleg kjend for å ha måla, skildra og katalogiserte Nord-Amerikas fuglar i boka Birds of America.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Jaktfalkar
Vandredue, 1838
Foto av John J. Audubon på hans eldre dagar

Audubon, som var fødd i Les Cayes i den franske kolonien Saint-Domingue (i dag i Haiti), utdanna seg i sin første ungdom i Paris til målar under Jacques-Louis David. I 1803 utvandra han til USA og levde deretter som farmar i Pennsylvania og dreiv ivrig ornitologiske studiar.

1826 reiste Audubon tilbake til Europa, der han møtte dei fremste naturforskarane i samtida og byrja utgjevinga av sine framifrå kolorerte teikningar av amerikanske fuglar: Birds of America. Boka kom ut i fire band, med 435 måleri, i London i tida 1828-39. År 1829 vende Audubon tilbake til Nord-Amerika og skreiv tekst til dei førnemnde teikningane. Illustrasjonar og tekst vart utgitt som American ornithological biography, eit fembandsverk som kom ut i Philadelphia frå 1831 til -39.

Etter eit nytt besøk i Europa slo han seg ned på Manhattan ved New York og byrja på eit biletverk over pattedyra i Nord-Amerika; The quadrupeds of America. Verket kom ut i Boston mellom 1843 og -49 i form av tre band. Med teksta til Biography of American quadrupeds (Philadelphia 1846-50) fekk han hjelp av John Bachman.

Dei livaktige skildringane til Audubon var bygt på langvarige undersøkingar i naturen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: John J. Audubon