John Opdal
| John Opdal | |
| Statsborgarskap | Noreg |
| Fødd | 31. juli 1953 (73 år) |
| Yrke | politikar |
| Verv | Ordførar i Odda |
| Periode | 2011-2015 |
| Føregangar | Gard Folkvord |
| Etterfylgjar | Roald Aga Haug |
| Politisk parti | Høgre |
John Opdal (fødd 31. juli 1953)[1] er ein norsk lokalpolitikar for Høgre og ordførar i Odda kommune frå 2011 til 2015. Han overtok stillinga etter Gard Folkvord (Ap).
John Opdal har vore aktiv i lokalpolitikken sidan 1989, og har hatt ymse verv både i kommunestyret i Odda og i som fylkespolitikar i Hordaland. Frå 2007 til 2011 var han varaordførar i kommunen.[2] Han vart ordførar ved hjelp av ein samarbeidsavtale mellom Høgre, Senterpartiet, Venstre, Nye Odda og Raudt.[3] Odda er ein kommune der den politiske venstresida tradisjonelt har stått sterkt, og John Opdal var den fyrste høgreordføraren i kommunen sidan politimeister Guttorm Narum som sat som ordførar 1920-1922.[4]
John Opdal er gift og har fire born. Eitt av dei er fotballmålvakta Håkon Opdal.
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ John Opdal hjå TV 2 Velgerguiden
- ↑ Profil hjå hoyre.no, arkivert frå originalen 2013-03-15, henta 2012-03-14
{{citation}}: Invalid|url-status=yes(hjelp) - ↑ BT, 19.09.11: Derfor får Høyre støtte fra Rødt., arkivert frå originalen 2016-03-05, henta 2012-03-14
{{citation}}: Invalid|url-status=yes(hjelp) - ↑ Hardanger Folkeblad, 26.10.09: Høyre-ordfører i Odda