Hopp til innhald

John Venn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
John Venn

Fødd4. august 1834
Kingston upon Hull
Død4. april 1923
Cambridge
NasjonalitetDet sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
Områdematematisk logikk
Yrkematematikar, filosof, universitetslærar, informatikar, logikar
InstitusjonarUniversity of Cambridge
Alma materGonville and Caius College
Highgate School
EktefelleSusanna Venn
BarnJohn Archibald Venn
MedlemRoyal Society

John Venn (4. august 18344. april 1923) var ein engelsk matematikar og prest. Han er særleg kjend for arbeida sine innan logikk og for diagramma sine, såkalla Venn-diagram, for å illustrere mengder. Han skreiv også dei viktige verka Logic of Chance (1866) og Symbolic Logic (1881).

Venn blei fødd i Kingston upon Hull i Yorkshire som son av Martha Sykes og presten Henry Venn. Mora døyde då han var tre år gammal.[1] Han studerte matematikk ved Gonville and Caius College ved Universitetet i Cambridge, der han fekk graden sin og blei fellow i 1857. I 1903 blei han president for skulen.[2] I mellomtida følgde Venn likevel familietradisjonen som anglikansk prest. Han blei ordinert i 1859 og tenter først i Cheshunt i Hertfordshire og deretter i Mortlake i Surrey.[3]

  1. Anon. «John Venn – Mathematician Biography, Facts and Pictures». Famous-mathematicians.com. Henta 3. august 2014. 
  2. John R. Gibbins, ‘Venn, John (1834–1923)’, Oxford Dictionary of National Biography, Oxford University Press, 2004; online edn, May 2006 doi:10.1093/ref:odnb/36639
  3. Soylent Communications (2014). «John Venn». Henta 3. august 2014.