Jon Eikemo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jon Eikemo
Fødd30. november 1939
FødestadBreistein
Verka somskodespelar
PrisarSpellemannprisen i åpen klasse, Norsk kulturråds ærespris

Jon Eikemo (fødd 30. november 1939) er ein norsk skodespelar frå Breistein i Åsane kommune (no del av Bergen kommune). Han debuterte på scena i 1961, og filmdebuten var i 1968 med filmen De ukjentes marked. Han fekk Spellemannprisen 1979 i opa klasse for albumet Leser Jakob Sande og Norsk kulturråds ærespris for 2007 på 500 000 kroner.

Eikemo har vore tilsett ved Det norske teatret sidan 1978, og har tidlegare vore på Oslo Nye Teater (1975-78), Den Nationale Scene (1972-75), Nationaltheatret (1968-72), Det norske teatret (1966-67), Fjernsynsteatret (1964-65) og Riksteatret (1961-63).

Ved stortingsvalet 2009 stod Eikemo på 22. plass på Senterpartiet si valliste i Oslo.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Jon Eikemo hos IMDb