Telenor
Telenor | |
![]() | |
![]() Telenor sitt hovudkontor | |
Org.form | Aksjeselskap |
---|---|
Org.nr. | 982463718 |
Bransje | Telekommunikasjon |
Skipa | 1855 |
Dotterselskap | Telenor Infra, Talkmore, Nordix Data |
Hovudkontor | Fornebu |
Land | Noreg |
Produkt | Telefoni, breiband |
Styreleiar | Gunn Wærsted |
Adm.dir. | Sigve Brekke (17. august 2015)[1] |
Tilsette | 27 600 |
Salsinntekter | 18 848 000 000 norsk krone (2018)[2] |
Omsetnad | 18 848 000 000 norsk krone (2018)[2] |
Nettstad | https://www.telenor.com/ |
Telenor (OSE: TEL) er eit norsk teleselskap, som vart skipa i 1855 som det statseigde Telegrafverket. Selskapet er i dag eit delprivatisert aksjeselskap med sjølvstendig forretningsverksemd innan mobiltelefontenester, fastnett for telefoni, breiband og internett, vidare TV-tenester via kabel, satellitt, fiber og kystradio i Noreg. Telenor har vore Noregs klart nest største konsern sidan fusjonen mellom Statoil og oljedivisjonen til Norsk Hydro.
Telenor har i alt kring 33 000 tilsette i 13 land utanom Russland og Ukraina, derav ca. 4 400 i Noreg. Dette inkluderer ikkje dei tilsette i VimpelCom, der Telenor er største eigar. Etter Akers sal av Aker Yards er Telenor Noregs største konsern målt etter sysselsetting. Statens eigardel i Telenor er 54 % gjennom Nærings- og handelsdepartementet, og 4 % gjennom Statens pensjonsfond – Innland (tidlegare Folketrygdfondet). Konsernsjefen i selskapet er Sigve Brekke.
Namnet «Telenor» vart innført i 1995, og avløyste «Televerket» (1969–2005), tidlegare «Telegrafverket» og «Telegrafvesenet».
Historie[endre | endre wikiteksten]
Telenor vart opphavleg stifta i 1855 som Telegrafverket, som opphavleg hadde oppgåva å knyte landsdelane saman ved telegraflinjer. Selskapet skifta namn til Televerket i 1969 og til Telenor i 1994, då verksemda vart omdanna til eit statleg aksjeselskap. Telenor hadde fram til 1998 monopol på teletenester til private kundar i Noreg. I desember 2000 vart Telenor børsnotert. Jon Fredrik Baksaas overtok stillinga som konsernsjef etter Tormod Hermansen 21. juni 2002.
Marknadsverdi[endre | endre wikiteksten]
22. mai 2006 hadde Telenor ein marknadsverdi på 125 milliardar kroner. Aksjar i selskapet vert handla på Oslo Børs under tickeren TEL.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ https://www.telenor.com/about-us/contact-us/people/sigve-brekke/?b=72; vitjingsdato: 17. januar 2020.
- ↑ 2,0 2,1 https://www.telenor.com/wp-content/uploads/2019/03/iPDF-%C3%85rsrapport-2018-Q-5bd88d63d3ac068354c50771242e3416-1.pdf; vitjingsdato: 17. januar 2020.
- «Telenor ASA» i Store norske leksikon, snl.no.
- Denne artikkelen bygger på «Telenor» frå Wikipedia på bokmål, den 12. mai 2013.