Jorun Thørring

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jorun Thørring
Statsborgarskap Noreg
Fødd 14. mai 1955 (68 år)
Tromsø kommune
Yrke skribent, gynekolog, lege

Jorun Thørring (fødd 14. mai 1955 i Tromsø) er ein norsk gynekolog og forfattar, no busett i Melhus kommune. Ho budde tre år i Paris, der handlinga i den fyrste boka hennar er lagt. Thørring har òg studert fransk.

I den fyrste boka hennar, Skyggemannen, vert ein ung mann drepen i ein leigegard i Paris, og Orla Os, opphavleg frå Vesterålen, men no rettsmedisinar og spesialetterforskar i Frankrike, og kollegaene hennar må finne ut kva som har hendt. Året etter, i 2006, kom ho med boka Glassdukkene. I denne boka følgjer ein ein annan hovudperson, samen Aslak Eira ved Tromsø politikammer. I Tarantellen frå 2007 vende Thørring tilbake til Paris og Orla Os.

Alle bøkene hennar er vorte godt mottekne av kritikarane, og rettane til fleire av dei er selde til mellom andre Sverige, Danmark og Tyskland.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Skyggemannen (2005, Aschehoug)
  • Glassdukkene (2006, Aschehoug)
  • Tarantellen (2007, Aschehoug)
  • Ildens øye (2009, Aschehoug)

Priser[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]