Judarn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Judarn
innsjø
Judarskogen 2008.jpg
Judarn i naturreservatet i Judarskogen, sommaren 2008
Land Flag of Sweden.svg Sverige
Tilsig Overflatevatn
Utløp Mälaren
Nedslagsfelt 0,8 km²
Opphaldstid 11 månader
Areal 0,074 km²
Middeldjupn 2,7 m
Største djupn 3,7 m
Volum 179 000 km³
Koordinatar 59°20′13.96″N 17°54′51.14″EKoordinatar: 59°20′13.96″N 17°54′51.14″E
Byar Stockholm
Wikimedia Commons: Judarn

Judarn er ein liten innsjø i Bromma, ein forstad vest i Stockholm i Sverige. Han er omgjeve av skog og naturreservatet Judarskogen, og ligg mellom Åkeshov og Södra Ängby. Tre andre innsjøar ligg like i nærleiken: Kyrksjön, Lillsjön og Råcksta Träsk.

Med eit areal på74 000 kvadratmeter og ei middeldjupne på 2,7 meter (maks 3,7 m), inneheld innsjøen 180 000 kubikkmeter vatn. Innsjøen får berre vatn frå overflatevatn frå området kring, mellom anna frå nærliggande bilvegar. Dette gjer at blyinnhaldet i innsjøen er for høgt til at innsjøen er høvande for bading.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Judarn» (på svensk). Stockholm Vatten AB. 1. mars 2007. Arkivert frå originalen 2007-09-27. Henta 17. juni 2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]