Jukka Piironen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jukka Piironen


Statsborgarskap Finland
Fødd 11. august 1925
Leppävirta
Død

5. mars 1976 (50 år)
Helsingfors

Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1952

Juho Ensio Piironen, kjend som Jukka Piironen, (11. august 19255. mars 1976) var ein finsk friidrettsutøvar frå Leppävirta. Han tevla fremst i stavhopp, men òg i tikamp.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Piironen vann bronsemedaljen i stavhopp ved EM i friidrett 1950 i Brussel med eit hopp på 4,25 meter, jamt med landsmannen Valto Olenius som tok sølv, svensken Ragnar Lundberg vart europameister med 4,30 m. Under Sommar-OL 1952 på finsk heimebane mislukkast Piironen heilt i finalen og hamna på 18. plass med 3,80 m. I 1954 kom han på delt bronseplass ved europameisterskapen i Bern. Med personleg rekord på 4,30 meter enda han 10 cm under landsmannen Eeles Landström som vann gull. Fyrste påskedag 1956 tok Piironen seg over 4,32 m ved eit innandørs-stemne i Helsinki.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]