Hopp til innhald

Jules Raymond Mazarin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jules Raymond Mazarin

Fødd14. juli 1602
FødestadPescina
Død9. mars 1661
DødsstadVincennes
MorOrtensia Buffalini
FarPierre Mazzarini

Jules Raymond Mazarin, opphavleg Giulio Raimondo Mazzarino, (14. juli 16029. mars 1661) var ein leiande statsmann i Frankrike, og ein av Den katolske kyrkjes kardinalar.

Bakgrunn og tidleg karriere[endre | endre wikiteksten]

Mazzarino var fødd i i Pescina i dei italienske Abruzzane som son av Pietro Mazzarino frå PalermoSicilia og Ortensia Buffalini. Far hans var hushovmeister hjå Colonnaslekta i Roma. Han var bror til kardinal Michel Mazarin (kreert i 1647), og nevø til jesuittpateren Giulio Mazarini.

Mazzarino-familien er ein kjend italiensk familie som opphavleg stammar frå byen av same namn på Sicilia. Mazzarino-namnet blir skrive på fleire måtar, som «Mazzarino», «Mazarini», «Mazarino» og på fransk «Mazarin».

Mazzarino fekk utdanninga si ved Collegio Romano i Roma og ved universitetet Alcalá de Henares i Spania (1619–1621). Han tok doktorgrad i kyrkjerett og borgarleg rett (utroque iure) i 1628. Han blei ein god venn av den framtidige kardinalen Girolamo Colonna, som følgde han til Madrid i 1619. Då faren hans blei skulda for drap, vende han tilbake til Roma for å forsvara han.

Han blei kaptein i den pavelege hæren og kjempa i den valtellinske krigen (1625–1626) og seinare i den mantovanske arvefølgjekrigen (1628–1630). I løpet av desse åra blei han venn av Giulio Sachetti, kommissær for den pavelege hæren og seinare utnemnd til kardinal.

Vegen til Frankrike[endre | endre wikiteksten]

Framforhandlinga hans av ei våpenkvile mellom Frankrike, Spania og Savoia den 26. oktober 1630, der han favoriserte den franske sida, gjorde han populær hjå den franske statsministeren og kardinal Richelieu.

Seinare blei Mazzarino viselegat ved hoffet til kardinal Francesco Barberini. Han blei tilknytt den pavelege legasjonen i Avignon i 1632 og blei kannik ved Lateranbasilikaen den 8. mai same året. Fleire kurietitlar og -utnemningar følgde: Apostolisk protonotar (1632) og referendar ved tribunala knytte til Den apostoliske signaturaen (1633).

I 1634 blei han viselegat i Avignon og seinare same året ekstraordinær nuntius i Frankrike. Men Spania klaga i Roma over støtta hans til kardinal Richelieu sin politikk, og pave Urban VIII fjerna han frå nuntieposten den 17. januar 1636.

Mazarino drog då frå Avignon til Paris og stilte seg til disposisjon for Richelieu. Han blei fransk borgar i april 1639, og 3. januar 1640 busette han seg varig i Paris. Der fekk han i oppdrag å underteikna ei hemmeleg pakt med Tommaso av Savoia mot slutten av året.

Kardinalutnemning[endre | endre wikiteksten]

Kardinal Richelieu bad i 1641 om at Mazarin, som han no blei kalla, skulle utnemnast til kardinal. Opphavleg hadde Richelieu i namnet til den franske kongen bede paven om å utnemna pater François de Leclerc du Tremblay (kjend som Père Joseph) til kardinal. Men etter at han døydde i desember 1638, verka Mazarin som ein passande kandidat for franskmennene.

Han blei så kreert til kardinal den 16 desember 1641 av pave Urban VIII.

Den mektigaste i Frankrike[endre | endre wikiteksten]

Kardinal Richelieu døydde 4. desember 1642 .På dødsleiet sitt tilrådde han kardinal Mazarin som etterfølgjar til kong Ludvig XIII av Frankrike. Etter at kong Ludvig døydde 14. mai 1643 blei han medlem av regjeringsrådet, og dronning Anne av Austerrike, mora til den mindreårige kongen Ludvig XIV, gjorde han de facto til regjeringssjef.

Mazarin heldt fram den antihabsburgske politikken til Richelieu, og la grunnlaget for ekspansjonismen til Ludvig XIV. Sigrane vunne av Condé og Turenne førte franskmennene til forhandlingsbordet ved avslutninga av trettiårskrigen med traktatane i Münster og Osnabrück (Freden i Westfalen). Her var politikken til Mazarin meir fransk enn katolsk. Han fekk ført Alsace (men ikkje Strasbourg) inn under Frankrike, han fekk på plass protestantiske fyrstar i tyske sekulariserte, tidlegare katolske fyrstebispedømme og abbedi som motyting og takk for den politiske opposisjonen deira mot Austerrike. I 1658 organiserte han Rhinforbundet, som skulle vera eit hinder for austerriksk ekspansjon i Sentral-Europa. I 1659 slutta han fred med det habsburgske Spania gjennom Pyreneane-traktaten, som fekk inn nye franske territorium i sør (Roussillon, Cerdagne) og i nord (delar av dei spanske Nederlanda).

I høve til protestantismen på heimebane førte Mazarin ein løfte- og forhalingspolitikk. Slik fekk han ridd av til dømes den væpna Ardèche-oppstanden (1653) og hindra at hugenottane væpna seg. I seks år trudde dei at dei var på nippen til å få innfridd det vernet dei var blitt lova ved Ediktet i Nantes, men til slutt oppnådde dei ingen ting.

I 1644 blei den spanske yndlingen kardinal Giovanni Battista Pamphili vald til pave (Innocens X). Frankrike hadde ein hevdvunnen rett til å leggja ned veto mot uønskte kandidatar ved paveval, men kardinal Mazarin hadde ikkje kome fram i tide til pavevalet i Roma. Det var stadig friksjon mellom Innocens og Mazarin.  Mazarin verna dei to barberinikardinalene Francesco og Antonio Barberini, nevøane til den avdøde paven. Han lét dei søka tilflukt i Frankrike då det blei sett i verk etterforskingar mot dei i Roma. Bullen som paven retta mot dei, fekk han parlamentet i Paris til å erklæra for ugyldig. Frankrike rasla med sabelen og lét som det førebudde innmarsj i det pavelege Avignon, og Innocens gav etter.

Mazarin var ein motstandar av jansenismen, men meir av politiske enn av teologiske grunnar. På dødsleiet sitt åtvara han den unge Ludvig XIV om «ikkje å tola den jansenittiske sekta, ikkje ein gong namnet hennar».

Strid om politikken til kardinalen saman med svakheita til kongemakta førte til to borgarkrigar som er kjende under nemninga la Fronde (1648–52). To gonger, i 1651 og 1652, måtte han flykta frå landet. Dei mange krenkjande og satiriske pamflettane, kalla mazarinader, som blei gjevne ut mot han, påpeika gjerne det italienske opphava hans. I tillegg var det motstand mot den tiltakande absolutismen (som hadde vakse fram frå Richelieu si tid) og det aukande skattetrykket. Dei næraste støttespelarane til Mazarin på denne tida var, ved sida av dronningmora, fyrsten av Condé, hertugen av Orléans, kardinal de Retz og mademoiselle Anna Maria di Montpensier.

Mazarin blei foreslått som biskop av Metz av kong Ludvig XIV i november 1653, men fråtredde i 1658 fordi Mazarin aldri dukka opp under valet. Utnemninga kunne derfor aldri godkjennast av pavestolen.