Jupitermånen Himalia
Himalia fotografert av Cassini-sonden | |
Oppdaging[1] | |
---|---|
Oppdaga av | Charles Dillon Perrine |
Oppdagingsdato | 4. desember 1904 |
Baneskildring[2] | |
11 461 000 km | |
Eksentrisitet | 0,1623 |
250,56 dagar | |
Banehelling | 27,496° |
Satellitt av | Jupiter |
Fysiske eigenskapar | |
Snittdiameter | 170,0 km (om albedoen er 0,04)[2] |
90 792,03 km²[2] | |
Masse | 6,7440 × 1018 kg[2] |
2,6 g/cm³[2] | |
0,062 m/s²[2] | |
370 km/t[2] | |
7,782 timar | |
Albedo | 0,03 (synleg geometrisk)[3] |
Himalia er ein jupitermåne som vart sett for første gong den 4. desember 1904 av Charles Dillon Perrine, som observerte han frå Lick-observatoriet i California. Etter oppdaginga vart månen formelt kalla for Jupiter VI, og også Hestia etter åregudinna Hestia. Først i 1975 fekk han sitt noverande namn etter nymfa Himalia, som ifølgje gresk mytologi fekk tre søner med Zevs.
På veg mot Planeten Saturn, tok romsonden Cassini den 19. desember 2000 eit grovkorna bilete av Himalia, men dessverre gjorde avstanden det umogleg å avsløre overflatedetaljar på den mørke kloden. Ein trur at månen består av klippemateriale og i mindre grad is.
Himalia er det største medlemmen av ei underinndeling av Jupiter sine månar som vert kalla Himalia-gruppa, alle med ein avstand på 11 til 13 millionar kilometer til Jupiter, og med banehellingar rundt 27,5 grader.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Planet and Satellite Names and Discoverers - Gazetteer of Planetary Nomenclature
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 Himalia: Facts & Figures - NASA Solar System Exploration
- ↑ Jovian Satellite Fact Sheet - NSSDC